Kunnskapsministerens eksamensråd til VGS-elevane: – Øv dykk utan KI

I dag blir eksamenstrekk offentleggjort for vidaregåandeelevar. – Lett å tru at ein ikkje kan nokon ting. Men det kan du, seier kunnskapsministeren.

NPK-NTB – Iuliana Alexa
Publisert

I dag er det rundt 83 000 spente vidaregåandeelevar som ventar på å få vite kva fag dei kjem opp i til skriftleg eksamen, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

– Eg hugsar godt den kjensla. Det er ei nervepirrande tid, men det er viktig å prøve å senke skuldrene og hugse at dette kjem til å gå fint, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.

Dei nasjonale eksamenane er no lagde mellom 4. og 21. mai. Til no har skriftleg eksamen vore halden i siste halvdel av mai, medan munnleg har vore i første del av juni.

Nordtun rår elevane til å repetere og terpe det ein tykkjer er vanskeleg.

– Når eksamen nærmar seg, er det lett å tru at ein ikkje kan nokon ting. Men det kan du. Avtal gjerne eit kollokvium eller ein puggekveld saman med skulekameratar. Øv dykk utan bruk av KI eller slike hjelpemiddel. No gjeld det å få fram kva de faktisk har lært.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner det er er viktig å ta pausar i lesinga og leggje inn litt trening eller tur. Foto: Carina Johansen / NTB / NPK

Har stramma inn

I tillegg har Utdanningsdirektoratet gjort fleire endringar for å hindre at kunstig intelligens blir brukt til å jukse på eksamen.

I 2025 vart det mellom anna innført strengare vakthald og strengare tilgang til internett på skriftleg eksamen. Dette gjeld for vidaregåande og grunnskule.

I 2026 skal 18 000 kandidatar bruke sikker nettlesar. Datamaskina vil bli låst, slik at dei berre har tilgang til sikker nettlesar og eit fåtal nettbaserte hjelpemiddel.

– Elevane er vande til å jobbe med fleire hjelpemiddel, og ein eksamen heilt utan tilgang til dette, vil vere ei stor endring frå arbeidsmåten dei er vande til, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding måndag.

Mange kan likevel kjenne på stresset for å vise kva dei kan. Direktøren rår elevane:

– Om du ikkje får logga inn med ein gong, så pust med magen og prøv igjen etter ei lita stund. Dei fleste tekniske feil blir retta opp veldig raskt, seier han.

Annleis russefeiring i år

Kunnskapsministeren har bestemt at skriftleg eksamen skal vere ferdig før 17. mai. Argumentet for endringa er at russefeiringa skal skje når eksamen er overstått.

– Eg er også glad for at det kan sjå ut til at russetida ikkje vil verke like forstyrrande på dette kullet som på tidlegare kull, seier Nordtun.

Regjeringa har oppmoda dei store russetreffa til å utsetje arrangementa sine. Landstreff Fredrikstad går først av stabben 22.–23. mai, medan Kongeparken dundrar på med landstreff allereie 1.–3. mai i år. Neste år skal treffet utsetjast, har arrangørane kunngjort.