For avgangselevar på studieførebuande og påbygg i vidaregåande skule vil like mange som vanleg komma opp til munnleg eksamen denne våren. Elevorganisasjonen er skuffa.
mm
Dette er avgjerda om eksamen våren 2021:
  • Alle skriftlege eksamenar blir avlyste for elevar.
  • Alle muntlig-praktiske og praktiske eksamenar blir avlyste for elevar.
  • Lokalgitt munnleg eksamen for 10. trinn blir gjennomført.
  • Lokalgitt munnleg eksamen for VG3 blir gjennomført.
  • Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål og fag- og svennebrev skal ha eksamen. Elevar med rett til ny, utsett og særskild eksamen våren 2021 gjennomfører eksamen saman med privatistane.
  • Fag- og svenneprøver blir ikkje avlyst, men blir gjennomført etter gjeldande smitteverntiltak.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me er ikkje særleg overraska, men utruleg skuffa, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, via telefon til Framtida.no

I ei pressemelding frå regjeringa torsdag kjem det fram at avgangselevar på studieførebuande og påbygg i vidaregåande skule vil komma opp til munnleg eksamen som vanleg denne våren.

Munnleg-praktisk og praktisk eksamen vil ikkje bli gjennomført. På 10. trinn vil alle elevar komma opp i munnleg eksamen som vanleg.

Melby: – Stor forståing

Kunnskapsminister Guri Melby forklarar at regjeringa har vedtatt å lytta til utdanningssektoren som meiner det vil vera for krevjande å gjennomføra munnleg og munnleg-praktisk eksamen for alle på studieførebuande VG3 og påbygg.

– Me har stor forståing for at elevar og lærarar står i ei vanskeleg tid. Derfor er det ikkje riktig å gjera endringar i eksamenstrekket no, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i pressemeldinga.

Årsaka til at dei skriftlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenane er avlyste er smittevern og fordi det har vore ulike forhold for opplæringa ved skulane rundt om i landet.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) har bestemt at munnleg eksamen blir gjennomført som vanleg. Foto: Terje Pedersen / NTB

Desse kan koma opp i munnleg

På Vg3 og påbygg blir elevane til vanleg trekt til å gå opp i anten munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. I år har både praktiske og munnleg-praktiske eksamenar blitt avlyste samtidig med skriftlege eksamenar.

Kva elevar som blir trekt ut til munnleg eksamen vil først offentleggjerast 48 timar før eksamen skal gjennomførast. Det betyr at alle elevar må jobba som om dei kan komma opp til eksamen, ifølgje pressemeldinga til regjeringa.

Elevorganisasjonen: – Utruleg skuffa

Elevorganisasjonen har vore kritisk til gjennomføring av munnleg eksamen no i vår.

Påtroppande leiar Edvard Botterli Udnæs viser til at Utdanningsdirektoratet i slutten på januar skreiv at munnleg eksamen burde avlysast for å trygga opplæringa og standpunktvurderinga og gi ro rundt avslutninga av skoleåret.

– Me meiner kunnskapsministeren burde høyra på sitt eige fagorgan. Det er ikkje noko som har endra seg til det betre sidan januar og februar. Me burde brukt tida som er igjen av skuleåret til å leggja til rette for gode standpunktvurderingar og tetta dei hola som har oppstått gjennom mangelfull og varierande opplæring gjennom året, seier Edvard Botterli Udnæs.

LES OGSÅ: 3 av 4 sensorar var usamde om karakteren på norskeksamen

Oppdatert: torsdag 8. april 2021 14.21

LES OGSÅ

ANNONSE