Desse skreiv dei beste nynorskeksamenane i 2025
Skule (19) argumenterte mot nynorsk i skulen, Sigrid (20) meiner du må tole å vere litt klein og det lønte seg med skippertak for Mari (19).
– Eg vart litt overraska over at eg kunne vinne den prisen, for i teksta mi står det svart på kvitt at ein bør redusere nynorsk i skulen.
Det seier Skule Skjerdal (19) på telefon til Framtida.no. Han er ein av dei tre vinnarane av årets av Fridthiov Oos’ pris, som blir delt ut kvart år til dei beste nynorskeksamenane på vidaregåande.
– Det var jo litt overraskande. Eg synest sjølv bokmålssvaret mitt var betre, men eg fekk dårlegare karakter på det.
Nytt i år er at ein av vinnartekstane var ein sidemålseksamen, og den var det Skjerdal frå Grimstad som stod for. Han er ikkje like negativ til nynorsk som ein kan få inntrykk av når han ber om mindre nynorsk i skulen i eksamenssvaret.
Fridthiov Oos’ pris
Prisen blir delt ut til dei tre beste eksamenssvara på nynorsk til eksamen i norsk hovudmål på studiespesialiserande i vidaregåande skule.
Prisen er på 5000 kroner.
Fridthiov Oos’ legat vart grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Midlane er henta frå Samlagsfondet.
Kjelde: Samlaget
– Det skreiv eg eigentleg fordi det var lettast å argumentere for der og då, ikkje fordi eg støttar det sjølv. På eksamen prøver ein å få best mogleg karakter. Ein tenker jo ikkje at teksta skal kome i avisa.
Han var ikkje stor fan av kortsvarsoppgåve, som det er skrive mykje om i etterkant, men langsvarsoppgåva slo an. Skjerdal valde oppgåve tre, der det både var ein fagartikkel om språkhistorie og ein om realfag.
– Det var tema som var interessante for min del, og det gjorde det nok litt lettare å skrive.
Personleg er han ganske glad i nynorsk, noko som kan kome av at halve familien er frå Sogn. Realfag er likevel favoritten over norsk.
– Eg er kanskje ikkje så glad i det som realfag, men det var eit greitt fag. Eg var nok meir glad i språkhistorie enn litteraturhistorie, men etter kvart, når ein kjem inn i det kan det vere interessant.
No studerer han i Trondheim for å bli maskiningeniør.
– Du må berre stå i kleinheita
– Det var veldig overraskande. Eg hadde ikkje forventa det, så det var veldig, veldig artig, seier Sigrid Avdem (20) på telefon til Framtida.no.
Ho trefte ikkje blink på første forsøk. Då Avdem hadde eksamen i hovudmål, starta ho på ei heilt anna langsvarsoppgåve.
– Etter ei stund fann eg ut at det ikkje var noko å satse på, så då gjekk eg over til den essayoppgåva. Eg er glad i essaysjangeren, og veldig glad for at eg valde det no i etterkant.
20-åringen frå Lesja har alltid likt norskfaget, men meiner det har vore avgjerande med gode lærarar som har gjort eit tungt fag enklare. Ho har alltid vore glad i å skrive.
– Sjølve skriveprosessen er morosam med måten du kan flette saman forskjellige ting. Du kan svare på ei oppgåve på forskjellige måtar.
Ho fortel også at ho er veldig glad i nynorsk.
– Eg kjem frå det ein kan kalle ein nynorskfamilie. Eller, i alle fall har det alltid stått ganske sterkt i familien. Eg er veldig glad for at Noreg har dei skriftspråka vi har.
Avdem tek no eit friår der ho bur heime og arbeider på butikken Avdemsbue med lokalmat. Der har ho jobba sidan ho var 13 år, og no prøver ho å finne ut kva ho skal gjere vidare.
– Eg har jo litt forskjellige tankar, men eg er veldig interessert i menneske, og trur eg vil jobbe med folk.
● Les også: Eksamenstekst: «Med storebror i lomma»
– Jobbar best under press
– Det kom brått på. Eg hadde allereie gløymt det. Det var jo skulen som insisterte på å sende inn den eksamenen, seier Mari Skarstein på telefon til Framtida.no.
Ho er frå Florø, og no held ho på å ta fagbrev for å bli helsefagarbeidar, men i fjor tok ho påbygg, og hadde då norskeksamen. Skarstein synest norsk er eit heilt greitt fag.
– Eg har jo likt betre dei programfaga vi har hatt, helse og pedagogikk og sånne ting, men på påbygg var norsk det beste faget, det syntest eg.
Norsk står derimot sterkt i familien, spesielt nynorsk:
– Eg har ei mamma som er norsklærar og fleire andre i familien som er norsklærarar og opptekne av nynorsk, så eg har sikkert fått det litt innprenta at det er det vi skal skrive, og at mange i familien er opptekne av det.
Som ein florøværing er det også det mest naturlege skriftspråket for ho, både fordi ho alltid har skrive det, og fordi det er nærast dialekta hennar.
Trass i sterk prestasjon på norskeksamen er ho usikker på om ho kan gi dei beste tipsa for å førebu seg til eksamen. Ho har nemleg hatt litt skippertak gjennom året.
– Eg har fått litt trening i å skrive fort, for når eg skriv innlevering har eg det med å utsetje å byrje. Så byrjar eg gjerne berre nokre timar før det skal leverast inn. Då har eg fått øving i å skrive raskt under tidspress.
Med andre ord, eksamenssituasjonen var ein ganske vand situasjon.
– Det er vel kanskje ikkje noko ein skal tilrå, for det lønner seg nok å følgje godt med og jobbe jamt og trutt heile tida, men for meg funka det bra med skippertak. Eg jobbar best under press.
Ho vart veldig glad for å kunne skrive analyse på både kortsvar og langsvarsoppgåva.
– Når du skriv retorisk analyse er det veldig konkret kva du må ha med, så viss du klarar å lese den oppgåva godt og forstå den teksta du får utdelt, så synest eg det er ein veldig god type tekst å skrive.









