Johannes (19) vil bli sjukepleiar, men først må han ta opp fag
Karaktersnittet til sjukepleien har gått i vêret dei siste åra. For Johannes Trommestad (19) er det viktigaste å få ein jobb han kan trivast i.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg veit allereie at snittet mitt ikkje er høgt nok, så eg går inn for å forbetre det, seier Johannes Trommestad på telefon til Framtida.no.
19-åringen har det siste året gått på linja Adventure Action Sport på Solborg folkehøgskule i Stavanger, og har brukt året på å kome fram til kva utdanning han skal søkja.
– Det er så uendeleg mange val å kunne velje mellom. Det er mest i løpet av dette skuleåret eg har funne ut kva eg vil, forklarar Trommestad.
Arendølen drøymer om ei framtid som sjukepleiar og har sett seg ut Høgskulen på Vestlandet. I fjor var poenggrensa for å kome inn på sjukepleien ved HVL i Bergen på heile 53,4 for ordinært opptak. Det betyr at ein må ha eit karaktersnitt på 5,4 eller eit lågare snitt med diverse tilleggspoeng.
- Les også: Rekordmange strauk på sjukepleiareksamen
Omsorgskvardag
Sjukepleiarar er eit av yrka me kjem til å trenge fleire av i framtida. Ledigheita i yrket er låg og ifølgje SSB vil me mangla 28.000 sjukepleiarar i 2035.
Trommestad kan difor sjå fram til ein sikker arbeidskvardag etter enda utdanning.
19-åringen er svært nøgd med valet om å gå på folkehøgskule under koronaåret og håpar å få utvida opphaldet med ei stipendiatstilling, som han vil kombinera med å ta opp fag.
Trommestad har høyrt om fleire som vil søkja sjukepleien, men det er ikkje dei trygge jobbutsiktene som har fått 19-åringen til å velja sjukepleie.
– Eg har alltid vore eit veldig omsorgsmenneske. Eg føler at det er noko eg kan jobbe med resten av livet: Å hjelpe andre, seier Trommestad.
- Les også meiningsinnlegget: «Eit lite hjartesukk og ei bøn frå ein sjukepleiar»
Fleire sjukepleiarutdanningar på topplistene
Han er langt frå åleine. Talet på søkjarar til sjukepleieutdanninga auka i 2020 med nesten seks prosent frå 2019. Det kom etter at utdanninga fekk ein nedgang i 2019, noko som vert sett i samanheng med det nye karakterkravet. Frå og med 2019 må nemleg søkjarar til sjukepleien ha karakteren 3 eller betre i matematikk og norsk.
Men i koronaåret 2020 gjekk sjukepleien fram og kom på tredjeplass over dei mest populære utdanningsområda med heile 13 563 søkjarar til 5150 studieplassar.
For å kome inn på sjukepleien i Tromsø, som hadde det høgaste snittet, måtte søkjarar i fjor ha heile 56,6 poeng, ifølgje fagbladet Sykepleien.
Både NTNU, Oslomet og Høgskulen på Vestlandet sine sjukepleiarutdanningar kom på topp ti-lista over studia med flest søkjarar som hadde utdanninga som førsteval, viser tal frå Samordna opptak.
- Les om kvardagen som sjukepleiar: – Sjølv om ein til tider føler ein står og stanger hovudet i veggen, trur eg at eg har den mest meiningsfulle jobben, fortel Ragnhild.
NSF Student: – Sjukepleie er eit sikkert yrke
– Eg vil tora å påstå at ingen andre yrke er blitt så synlege som det sjukepleie har, og dette trur eg vil speglast i søkjartala.
Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Student Kent Hanssen gjev koronapandemien hovudæra for den auka synlegheita til yrket, men tenkjer at dei gode søkjartala og høge poenggrensene for å kome inn seier noko om at statusen og etterspurnaden til utdanninga har auka.
– Sjukepleie er eit sikkert yrke, kor ein er garantert jobb. For mange er nok denne tryggheita det dei er ute etter, skriv Hanssen i ein e-post til Framtida.no.
Han gler seg òg over at stadig fleire menn veljer sjukepleie, noko NSF Student har jobba med gjennom kampanjen «Mann Kan Bli Sykepleier».
Løn og kjønnsbalanse
Kvinnedelen i sjukepleiaryrket er høg, noko som ikkje ser ut til å endre seg betydeleg med det første. Dei to føregåande åra har nemleg kvinnedelen på studiet vore på 84 prosent.
Ved sjukepleieutdannngane ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole får menn i tillegg to kjønnspoeng for å bøta på ubalansen.
At han går inn i eit kvinnedominert yrke har ikkje Trommestad tenkt nemneverdig over. Han får heller ikkje mange reaksjonar, og dei som kjem er positive.
– Har løn hatt noko å seia for yrkesvalet?
– Før var det kanskje litt sånn, men no tenkjer eg berre at det er ein ting eg kan like å jobbe med. det handlar meir om å kunne vere lykkeleg med den jobben eg har, eller kjem til å få.