Italia innfører éin skuletime klima-undervising i veka

Det nye faget vert innført hausten 2020 og er obligatorisk for alle elevar frå 1. til 13. trinn.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.11.2019 20:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er utdanningsminister i Italia, Lorenzo Fioramonti, som no melder dette ifølgje Reuters.

Lorenzo Fioramonti. Foto: dati.camera.it

Han fortel at alle offentlege skular skal setje av 33 timar i året, omlag éin time per skuleveke, til utfordringane med klinaendringar. Dette skal byrje frå skuleåret startar hausten 2020, og gjelde heilt frå 1. til 13. trinn i skulen, frå ein er 6 år til ein er 19.

– Dette er ein ny modell for samfunnsopplæring med fokus på berekraftig utvikling og klimaendringer, seier han til britiske The Telegraph.

Første læreplan forma av FN sine mål

Læreplanen vil vera forma utifrå FN sine berekraftmål, som korleis ein kan leva meir berekraftig, korleis ein nedkjempar forureininga i hava og korleis ein møter fattigdom og sosial urettferd.

Vanlege fag som geografi, matematikk og fysikk skal også ha eit perspektiv på berekraftig utvikling.

– Eg vil gjera det italienske utdanningssystemet til det første som set miljøet og samfunnet som grunnlag for alt me lærer på skulen, fortel han til Reuters.

Til The Telegraph fortel han at det er første gong eit land gjer FN sine mål om til læreplan.

Tanken er at framtidas innbyggjarar må vera førebudd på klimakrisa.

Støtta skulestreikane

Partiet Fioramoni er med i, Femstjernersrørlsa, har ei lang historie med fokus på klima- og miljø.

Sidan han vart minister, har han fått mykje kritikk frå høgresida for å støtte skulestreikane for klima og for å ynskja ekstra skatt på plast.

I dette faget har dei ingen lærebøker. I staden for følgjer elevane klimadiskursen gjennom artiklar på nett og såleis held seg oppdaterte. Foto: Bente Kjøllesdal