Nepal rettar peikefingeren mot forureinande land etter dødsflaumen

Tusenvis er døde og sakna etter ein massiv flaum. Nepals utanriksminister meiner verdas mest forureinande land må ta ansvar for katastrofen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Nepal har bede om 20 millionar dollar i klimakompensasjon etter dei øydeleggande flaumane som tok livet av minst 1300 personar 26. august. Over 5500 er framleis sakna.

Nepals utanriksminister, Shisir Khanal, seier til The Guardian at dei mest forureinande landa i verda må «vakne opp» og godta eit delt ansvar for katastrofen. Sjølv står Nepal for mindre enn 0,1 prosent av globale utslepp av klimagassar.

Flaumen i Nepal vart forårsaka av delar av ein isbre som kollapsa. Khanal påpeiker at flaumen som oppstod, var mykje meir ekstrem enn flaumar som vanlegvis oppstår i den regnfulle monsunsesongen, og samanlikna øydeleggingane med jordskjelvet i 2015. Forskarar har peikt på at klimaendringane kan destabilisere fjellområde som i Nepal, og ifølge FN har fjella i Nepal mista nesten ein tredel av isen dei siste 30 åra.

– Det globale samfunnet bør ikkje sjå dette som ein eingongs-katastrofe; det må sjåast i konteksten av eit klima i endring i Himalaya-fjella, seier Khanal til The Guardian.

– Delt ansvar

Flaumen kan ha gjort skadar for opp mot 5 milliardar dollar, ifølge nokre estimat. Om lag 20 000 heimar må byggast opp igjen, hovudvegen i området må erstattast, og nokre tettstader langs elva må flyttast ut av flaumfaresona. Khanal påpeiker at summen Nepal no ber om, 20 millionar dollar, ikkje er i nærleiken av stor nok til å reparere skadane.

Han meiner verdssamfunnet må hjelpe Nepal med å gjenreise landet etter øydeleggingane, og peiker spesifikt på landa med dei største økonomiane.

– Vi har bidrege så lite til klimaendringane. Det er viktig at dei i det globale samfunnet som tener på større, meir ureinande økonomiar, og som har historisk mykje større bidrag til utslepp av drivhusgassar, tar på seg eit delt ansvar. Dette råkar heile menneskeslekta, seier han.

Manglar pengar

På klimatoppmøtet i Dubai i 2023 vart det vedteke eit fond for tap og skade, som skal bidra nettopp med pengar til å hjelpe dei landa som er mest sårbare for konsekvensane av klimaendringane.

FN har opplyst at dette fondet allereie slit med eit stort gap mellom finansiering og etterspurnad. 119 land har meld inn førespurnader om erstatning på totalt 2,8 milliardar dollar. Landa som skal finansiere fondet, har derimot berre bidrege med 400 millionar dollar. USA har berre gitt 17 millionar dollar.

Khanal har ikkje mykje til overs for dei politiske utfordringane knytt til å få erstatning for naturkatastrofar.

– Ja, det vil alltid vere folk som ikkje er einige i perspektivet vårt, eller som nektar for klimaendringane, men det er også folk som nektar for at jorda er rund, seier han.