Isbreane på Svalbard trekkjer seg tilbake i rekordfart

Marine isbrear på Svalbard trekkjer seg stadig raskare tilbake, viser nye målingar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Dei siste to åra har marine isbrear på øygruppa trekt seg tilbake 200 meter i snitt. Det er den største tilbakegangen nokon gong målt.

Den førre rekorden vart sett så seint som i fjor.

– Vi har statistikk for kvar enkelt isbre, og den viser at fleire store brear på Svalbard trekte seg tilbake med 600–900 meter mellom 2024 og 2026. Dette er store endringar på kort tid for mange brear, seier glasiolog ved Norsk Polarinstitutt, Geir Moholdt, i ei pressemelding.

Den årlege overvakinga omfattar alle brear som kalvar i havet, ifølgje breforskaren. Kalving er når store bitar av is lausnar frå kanten av ein isbre.

Varme havstraumar forlengjer smelteperioden på Svalbard, som gjer at breane held fram med å smelta i havet lenge etter at minusgradene har meldt seg i lufta.

Havoppvarminga kan både komma av tilførsel av varmare vatn gjennom havstraumar og regional oppvarming på grunn av varmare atmosfære og mindre sjøis. Truleg er det ein kombinasjon av begge delar.

– Ti brear gjekk desse to åra frå å vera marine brear til å trekkja seg heilt opp på land. Det har vi aldri sett på så kort tid tidlegare, seier Moholdt.