Klima og berekraft på timeplanen: Tips til opplegg

Her får du tips til korleis du kan bruka innhaldet på Framtida.no til bruk i samfunnsfag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 26.09.2019 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no skriv mykje om klima og berekraft. Innanfor kategorien miljø finn du dei siste artiklane våre om miljø, klima og berekraft.

1. Kvifor er dette viktig?

Aktuelle artiklar:

Ny rapport: klimaendringane går stadig raskare

Vêrvarsel for dei neste 80 åra: Meir ekstremnedbør

Les fleire artiklar om berekraft her!

Les fleire artiklar om klima her!

QUIZ: Test kunnskapane dine om klima her!

2. Undersøking

Tidlegare år samarbeidde me med Stord vidaregåande skule om berekraftdagar og gjennomføring av fleire undersøkingar.

Elevane skal kunne formulera spørsmål om forhold i samfunnet, planleggja og gjennomføra ei undersøking og drøfta funn og resultat munnleg og skriftleg.

Her er tips til undersøkingar:

  • kvar er kleda til dei i klassen laga: kan funka fint som ei kjekk oppvarmingsøving på undersøking
  • kor mange bilturar har elevane hatt den siste veka – og kunne nokon av dei vore unngått?
  • kva forbruk kan elevane klara seg utan?
  • kor lang tid bruker du i dusjen? Og kor kort tid er det kortaste du kan bruka? Kor mykje energi kan du i så fall spara?
  • sjå spørjeundersøkinga me laga i samarbeid med Stord vidaregåande skule.

Det lettaste er sjølvsagt å gjennomføra undersøkinga i klassen eller på skulen. Men endå betre er det å få svar frå andre skular. Finn de noko interessant? Tips gjerne lokalavisa dykkar og Framtida.no!

Eksterne lenkjer:

NDLA har laga denne læringsstien som gjev ein fin introduksjon til berekraftig utvikling.

Kompetansemål etter 10. trinn i samfunnsfag

  • formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg
  • undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling
  • undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt