Martine Halvorsen (21) takka nei til tannbleikekampanje på 50.000 kroner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ynskjer å jobba i ein så seriøs som mogleg bransje og så vil eg at barn og unge – og for så vidt vaksne – skal ha det best mogleg, og det er det eg håpar kjem ut av dette her, seier Martine Halvorsen.

21-åringen er ein av påverkarane som har møtt opp på lanseringa av dei nye etiske retningslinjene for Fagutvalget for influencermarkedsføring.

Mindre fillers og piller

I oktober i fjor kom første utkastet til nye retningslinjer for bloggarar og påverkarar.

Frå og med 1. oktober skal utvalet, som er eit samarbeid mellom myndigheitene og bransjen sjølv, ta imot og behandla klager på kommersielle samarbeid som fører til auka kroppspress for barn og unge.

Påverkar Kristin Gjelsvik skal sitja i utvalet som representant for påverkarane sjølve. Ho vil ikkje sjå at påverkarar vert lokka med gratis fillers mot å dela ein rabattkode, noko ho meiner det har vore altfor mange døme på.

– Eg vil ikkje sjå ein einaste reklame for fillers og injeksjonar og alle moglege piller du skal ete for å bli finare. Det fokuset vil eg ha vekk no, seier påverkar Kristin Gjelsvik, som sit i Fagutvalget for influencermarkedsføring. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

– Eg er så lei av å sjå klinikkar rundt om kring i landet som utnytter unge jenter som akkurat har fått ei makt, som plutseleg har fått 60.000 følgjarar etter å ha vore med på eit realityprogram, seier Gjelsvik, som håpar det norske utvalet kan vere eit føredøme for andre land.

Dei nye retningslinjene er og utvalet er starta opp av Annonsørforeningen (Anfo) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) med økonomisk støtte frå Barne- og familiedepartementet.

Les også: Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame

Press: – Ein kynisk bransje

Utvalet definerer påverkarar som personar som har ein følgjarskare og brukar plattforma si til kommersielle samarbeid. Det kan i tillegg til bloggbransjen vere idrettsstjerner og andre kjendisar.

– Eg synest det er bra at dei no prøver å rydde opp i bransjen, fordi det er ein veldig kynisk bransje, som går kjempehardt ut over barn og unge, seier Mina Vinje, leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Fagutvalet skal leiast av tingrettsdommar Helen Engebritsen. Ho har med seg seks representantar som kjem frå påverkarsida, nettverka, annonsørane, det offentlege og ålmenta, som er Press-leiar Mina Vinje.

Press-leiar Mina Vinje gler seg over at bransjen tek grep og er spent på om det er nok sanksjon med offentleggjering. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Vinje meiner at det som er problematisk med bransjen er at det er vanskeleg å skilja reklame og personleg meining.

– Barn og unge får mykje reklame frå personar som seier dei er venene dine, men det er ikkje venene dine. Det er eit firma. Det er ein bransje som tener pengar på at du klikkar inn og les og kjøper det dei prøver å få deg til å kjøpe, understrekar ho.

Les også: – Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar

«Naming and shaming»

Fagutvalet har utarbeidd lister over kosmetiske inngrep og kosttilskot som påverkarane må vere obs på. Lista over kosttilskot er rangert etter kor alvorlege dei er, frå slankepiller til Omega-3.

Påverkaren sitt fokus på kropp og alder på følgjarskaren avgjer kor varsam personen må vere med å promotere dei ulike produkta.

Press har ikkje vore med å utarbeida løysinga, men kom tidleg med innspel om at brot burde få konsekvensar, noko det vil få.

Frå og med 1. januar 2020 vert uttalingane offentleggjort på nettsidene til fagutvalet, på NTB info og i sosiale medium. Målet er at slik «naming and shaming» vil bidra til betre sjølvjustis i ein bransje der omdømme er alt.

– Eg hadde ikkje vore så keen på å få namnet mitt klistra til at eg ikkje gjorde ting riktig, så forhåpentlegvis er det nok, seier påverkar Martine Halvorsen.

Ho spår at utvalet kjem til å få større pågang enn dei har tenkt og er spent på korleis det kjem til å fungere.

– Eg er heilt sikker på at dette må køyrast inn litt, at det framleis er ein del ting ein ikkje har tenkt på, men det er absolutt eit steg i riktig retning.

Påverkar Martine Halvorsen (21) er oppteken av omdømmet til bransjen. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Takka nei til 50.000 kroner

Halvorsen har jobba fulltid som påverkar i to år og fortel at ho får mange spørsmål om å promotera produkt som endrar på utsjånad, noko ho sjølv har bestemt seg for å ikkje gjera.

– Eg har ei veslesyster på 16 år og eg har ofte tenkt at: «Hadde eg likt at ho vart eksponert for dette?» Om det er eit «nei», så er dei eit nei frå meg, forklarar bloggaren.

Ho fortel at ho nyleg takka nei til eit tilbod om 50.000 kroner for å reklamera for tannbleiking, ein kampanje ho har sett at andre påverkarar takka ja til.

I tillegg til å behandla klager skal utvalet vera ein stad der påverkarane kan henvenda seg for å få råd om framtidige samarbeid. Personleg synest Halvorsen at den spådde svartida på to veker er litt lenge, men at tiltaket er positivt.

– No kan ein i allefall spørje om ein er usikker, og det har ein ikkje kunne gjort før, avsluttar ho.

Les også intervju med Kristine Ullebø: – Kven er det som bestemmer kva idealkroppen er?

Vidaregåandeelev Christianne Vadseth (t.v) er brennande engasjert i debatten om kroppspress og møtte bloggar og påverkar Kristine Ullebø til debatt. Foto: Andrea Rygg Nøttveit