Instagram avgrensar innhald for tenåringar
Tenåringar på Instagram får ikkje sjå innhald med høgare aldersgrense enn 13 år og må få lov av foreldre for å endra grensa.

Unge under 18 år som bruker tenåring-konto på Instagram, får dermed ikkje sett innhald med høgare aldersgrense enn 13 år, kunngjorde eigarselskapet Meta tysdag. Barna får heller ikkje høve til å endra grensa utan godkjenning frå ein forelder.
Aldersgrensa blir standard for alle eksisterande og nye kontoar for tenåringar. Tenåring-kontoane vart innførte i fjor. Avgrensingane gjeld mellom anna sterkt språk, stunt med høg risiko, narkotika og sex.
Ungdoms-kontoar får heller ikkje følgja kontoar som publiserer eller lenkjar til slikt innhald. Meta seier at dei allereie blokkerer ei rekkje søkjeord.
Instagram har fått hard kritikk for å skapa unge brukarar. Selskapet har tidlegare lova at unge ikkje skal sjå innhald om sjølvskading eller spiseforstyrringar.