– Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har mange strekkmerker, og eg er stolt av det. Eg er stolt over å ha ein deilig og uperfekt kropp; og ikkje ein robot til kropp. Robatar kan ikkje få strekkmerker, men det kan heldigvis eg!

Kroppspositivsme betyr veldig mykje for meg

Eg har ikkje ein tynn kropp heller, men eg synst fortsatt at eg har ein deilig kropp.

Det er utruleg befriande å kunne seie det høgt. Eg har ikkje alltid vore glad i kroppen min, og kroppspositivisme er noko av det som har hjelpt meg mest med å komme dit eg er i dag.

No har eg ein pause frå Insta, men då eg brukte det fulgte eg mange bodypositivity-kontoar, og det var heilt fantasisk å sjå sjølvsikre, dritkule damer med alle slags kroppar.

Det har og fått meg til å tenke at “Shit, kroppar er berre så sjukt fine!”

Mangfaldet av kroppane våre her på jorda er som ein godtepose med smågodt av den beste sorten. Det er jo mangfaldet som er digg med smågodt, og sånn er det og med kroppar også.

Men media prøver å tvangsfore oss med ein type smågodt. Det er jo heilt fucka.

https://www.instagram.com/p/Bkf-peAgHLC/?hl=nb&taken-by=bodyposipanda

Eg vil vere med å skape eit samfunn der jenter og damer kan føle seg vakre, sexy og kule med alle slags kroppar

Eg blir forbanna når jenter blir redusert til utsjånad

Eg er forbanna over at det er så få jenter på TV som ikkje er syltynne. Det er ein del menn på TV som ikkje er det, ganske så mange faktisk, men veldig få damer.

Og det gjer meg forbanna, sidan jenter blir fortalt at dei må vere fine frå den dagen dei blir fødd. Det er så vanleg å redusere jenter til utsjånad både i media og i kvardagen, at eg trur mange ikkje forstår at det er eit problem.

For jenter har det bra når dei føler dei ser bra ut. Ei stor undersøking viste at den eine faktoren som betyr mest for jenter si psykiske helse, er å vere nøgd med eige utsjånad.

Med andre ord har jenter internalisert samfunnet sitt krav om å objektivisere seg sjølve for å vere suksessfulle i svært stor grad.

Mangfaldet av kroppane våre her på jorda er som ein godtepose med smågodt av den beste sorten

Tynn betyr ikkje sunn, og frodig betyr ikkje usunn

Det er ikkje alle kroppar som har det bra som tynne heller. Eg var ganske tynn i to år, og eg fekk ikkje mensen tilbake før eg hadde ein kropp ganske lik den eg har no. Og eg veit om sjukt mange som kunne hatt mensen med den kroppen eg hadde då.

Det er mange kroppar som ikkje har det bra når dei er tynne

Mobbing, samt det å ikkje vere tynn, har gjort det veldig vanskeleg for meg å tru på at nokon kan vere tiltrekt av kroppen min. Som gjer det vanskeleg å date, og alt dette er eg òg forbanna på samfunnet for.

Men eg har tenkt å lage filmar i framtida, og då skal eg bruke skodespelarar med alle slags hudfargar, kroppar, identitetar og legningar. Med kroppshår.

Viss vi hadde vore vant til å sjå kvinner med hår kvar dag, så hadde jo alle gitt faen

Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar

Fordi eg synst det er tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redd for ein naturleg damekropp. Eg meiner at det er ein del av patriarkatet, og det er vertfall eit sterkt mannleg privilegium å bli sett på som vakker/ tiltrekkande med hår.

Viss vi hadde vore vant til å sjå kvinner med hår kvar dag, så hadde jo alle gitt faen. Og, så vil eg berre seie at eg har full respekt for dei som ikkje vil ha hår.

Eg tenkjer meir strukturelt. Eg vil vere med å skape eit samfunn der vi ikkje er redd for kropp og hår; eit samfunn der jenter og damer kan føle seg vakre, sexy og kule med alle slags kroppar.

Det er ein menneskerett å elske kroppen sin.