Kristine Ullebø: – Kven er det som bestemmer kva idealkroppen er?

Påverkaren vil ha kropp og psykisk helse tidlegare inn i skulen for å rusta barn og unge til å møta kroppspresset.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen er penast, flinkast, best, mest sexy

– Eg trur absolutt alle kjenner på kroppspresset. Ingen er penast, flinkast, best, mest attraktiv, mest sexy. Det er umogleg å vera alt dette på ein gong – sjølv ikkje dei me ser på som våre store førebilete, seier påverkar Kristine Ullebø, og legg til:

– Sjølv Beyoncé er ikkje best over alt!

LES OGSÅ: Kva synest stortingsrepresentane om Beyoncé?

– Eg oppfordrar jo til press

Framtida.no møter bloggaren frå førde etter ein debatt om kroppspress i sosiale medium på Arendalsuka.

Der vart Ullebø utfordra av VG-profil Morten Hegseth, som leia debatten, på om ho sjølv oppfattar seg som ein del av det presset som vert debattert når ho legg ut bilete av seg sjølv.

Ullebø ser dilemmaet, men stiller spørsmål ved fridomen til enkeltmennesket.

– Eg er slank. Eg tek bilete av meg sjølv der eg ser pen, attraktiv ut. For mange eit ideal. Som mange andre kan gjera, men eg har veldig mange følgjarar. Der vert det vanskeleg, for eg oppfordrar jo til press, sa Ullebø ærleg.

Sjølv om det trugar forretningsmodellen hennar som fulltidspåverkar er ho positiv til forslag om fjerning av likes.

Idealkroppen?

Ullebø er brennande engasjert i problemstillinga og opplever at det er forskjell på kva kroppar som er greitt å visa fram, noko ho synast er vanskeleg å snakka om.

– Er du trent og har ein treningsprofil så kan du vera naken og sprada rundt i bikini. Er du modell så er det plutseleg litt i gråsona. Er du litt større så vert du hylla, seier Ullebø, som er tydeleg på at ho ikkje vil innta ei offerrolle.

– Men kven er det som bestemmer kva idealkroppen er? Det lurer eg på, seier Ullebø til dei frammøtte.

KOMMENTAR: Velkommen til NM i sommarkropp! Kva føler du no?

Kropp og psykisk helse inn i skulen!

Personleg meiner påverkaren dei viktigaste tiltaka er meir tilgjengelege helsesjukepleiarar og at ein får kropp og psykisk helse inn i skulen – tidleg.

Påverkaren etterlyser personar som kan rettleie og gje barn og unge sunne friske og gode haldningar og tankar om eigen kropp og førebu dei på endringane som kjem i puberteten.

– Det er mykje som forandrar seg både fysisk – reint kroppsleg og i hovudet, seier Ullebø.

Ho meiner skulen må gjera ein betre jobb med å bu dagens barn og unge på vaksenlivet.

– Det er hardt og brutalt. Du kjem ikkje til å vera best. Du kjem ikkje til å vera penast. Du kjem ikkje alltid til å få draumejobben. Det kjem til å vera nokon som er betre enn deg.

LES OGSÅ: Ønskjer meir kjærleik og kjønnsidentitet inn i skulen

Både Christiane Vadseth (18) og Kristine Ullebø (22) meiner kroppspresset er eit stort problem.

Desorienterte barn og unge

Bloggaren får støtte av Christianne Vadseth, som er medlem av UngIDag-utvalet.

– Det er både mangel i pensum, men òg mangel på kompetanse hjå dei som skulle snakka med oss om det.

Den engasjerte sørlendingen meinar kroppspresset er eit stort problem, som vaksne endeleg har byrja å ta meir på alvor.

– Me barn og unge er jo på mange måtar den mest sårbare gruppa i samfunnet, fordi me er så desorientert. Det skjer så mykje i kroppen vår og det skjer så mykje i hovudet vårt, at det er ikkje berre å la vera å bry seg. Det er ikkje så lett, seier 18-åringen.

Ho meiner tydelegare retningslinjer og merking av retusjert reklame er viktige tiltak, men at ein òg må snakka saman.

– Ikkje ver redd for å snakka om kropp! oppmodar 18-åringen.

Les intervjuet Framtida.no gjorde med Kristine Ullebø då ho var 18 år: «Eg bygde ei merkevare på å vera tynn»

Foto: Privat