Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje har vore sagt om korleis reklamar, bloggarar og sosiale medium påverkar sjølvbilete til dei som veks opp i dagens samfunn.

Det er vanskeleg å sleppe unna firma som driv med kosmetisk kirurgi som har målretta reklame på sosiale medium, store merkevarer som spelar på gamle kjønnsroller og einsidige kroppsideal, Instagram-dronningar som viser eit tilsynelatande perfekt liv, og treningsguruar lovar at store musklar er vegen til lukke for gutar.

Men no skal det bli litt enklare.

Nye etiske retningslinjer

Tysdag presenterte Medietilsynet og Forbrukartilsynet eit utkast til nye etiske retningslinjer for påverkarar, såkalla influencerar  dei som tener penger på at vi følgjer dei på Snapchat og likar dei på Instagram.

Oppgåva fekk dei frå barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og folkehelseminister Åse Michaelsen 5. juni i år. Dei ynskjer å ansvarleggjere bransjen, og gjere aktørane bevisste på si eiga rolle og på påverknadskrafta dei har ovanfor unge følgjarar.

– Målet for oss er at desse retningslinjene skal vere enkle å forstå, samstundes som dei er enkle å handheve, seier Michaelsen til MinMote.

Dette er dei førebelse retningslinjene for påverkarar. Framover skal bransjen kome med ytterlegare innspel:

Les utkastet frå Medietilsynet og Forbrukartilsynet her

Vidare oppfordrar retningslinjene også det øvrige nettverket rundt påverkarane til å ta ansvar. Både byrå og annonsørar vert oppmoda om å ikkje marknadsføre kosmetiske inngrep eller kosttilskot.

Helleland seier til MinMote at forslaget også går ut på å opprette eit eige organ som skal etterprøve at dei nye retningslinjene vert følgde, og at brot kan føre til eksempelvis bøter eller utestenging frå dei store bloggnettverka.

Les også: – Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar

Eit steg vekk frå kroppsfokuset

Raud Ungdom har tidlegare gått rundt i Stavanger og merka retusjert reklame. Foto: RU

Retningslinjene er det siste av fleire tiltak som skal bidra til å fjerne kroppspresset som mange unge kjenner på.

I mai vart det fleirtal i Stortinget for at retusjert reklame må merkast.

Det kom i kjølvatnet av Press sin rapport, «Prosjekt Perfekt», der 2000 ungdomar svarte på spørsmål om mellom anna kropp, utsjånad og sosiale media.

I rapporten kom det fram at 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane ønska å endre på sin eigen utsjånad, medan 43 prosent seier dei kjenner på kroppspress i sin egen kvardag.

Les også: Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame