Oslomet, Vy, Media City Bergen og Bane NOR får selskap.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi har stor tru på at det nye namnet vil gi gode assosiasjonar hos kundar og samarbeidspartnarar, og vere eit dekkande og inkluderande namn for alle tilsette i instituttet vårt, seier konserndirektør i SINTEF Hanne Rønneberg i ei pressemelding.
SINTEF Byggforsk blei til då Norges byggforskingsinstitutt slo seg saman med forskingsinstituttet SINTEF i 2007. Det er eitt av i alt seks institutt som er del av SINTEF-konsernet.
På sine nettsider skildrar konsernet namneendringa som eit resultat av utvidingar. Instituttet har fått inn 50 nye medarbeidarar frå SINTEF sine fagmiljø for samfunnsøkonomi og mobilitet.
Målet var å finne eit namn som speglar forankringa mot byggebransjen, og som samstundes «favner hele forskningsinnsatsen for det bebygde samfunn, der mennesker lever, ferdes og arbeider», heiter det i ei uttale frå konsernet.
Les også: Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet
Namneendringa møter motstand
Det nye namnet SINTEF Community var eitt av forslaga som kom inn i ein intern namnekonkurranse. På Twitter er det fleire som stussar over namneendringa.
Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende, skriv dette om det nye namnet:
Eit norsk namn vart for vanskeleg for megahjernene som kom på denne namneendringa òg. https://t.co/VSsUeU6niS
— Morten Myksvoll (@MortenMyksvoll) May 20, 2019
Også direktør i Språkrådet, Åse Wetås, melder seg på i Twitter-diskusjonen:
Eg er sikker på at @sintef hentar inn profesjonell hjelp på alle andre felt. Men når det gjeld namn, er det altså intern forslagskonkurranse som gjeld, heller enn bruk av språkfagleg ekspertise. Resultatet er eit namn som er dårleg nytt for den norske språklege sjølvkjensla.
— Åse Wetås (@aasewet) May 20, 2019
Føyer seg inn i ei lang rekke
Norsk Målungdom har tidlegare reagert på at Språkrådet ikkje vert lytta til i namnediskusjonar og meiner dei bør få meir makt. Påtroppande leiar Gunnhild Skjold uttala til Framtida.no tidlegare i år at:
– Vi er einige med Språkrådet i at namna på statlege organ bør følgje norsk rettskriving og språk.
Dette er den siste i ei lang rekke av namneendringar som får motbør i offentlegheita, der ein typisk går frå norsk til engelsk, eller frå forståeleg til «framtidsretta». Tidlegare dømer er Oslomet – Storbyuniversitetet, Vy og Bane NOR.
Kor vidt det nye namnet SINTEF Community oppfyller ambisjonen om å «speile forankringen til byggebransjen» har også fått folk til å stusse.
Somme går så langt som å implisere at det utgåtte namnet Byggforsk var betre på det punktet enn det nye.
Uansett: Namneendringa trer i kraft 20. mai.