Får vener i studentradioen: – Det kan vere ganske einsamt som internasjonal student i Oslo
Oslo kan vere ein «klikkete» by å komme til som internasjonal student, meiner Mia Nova Gander. Ho er vert for radioprogrammet «The Language Café» på Radio Nova.
Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
– Eg har ikkje tenkt på dette som frivillig arbeid. I England handlar frivilligheit meir om å hjelpe folk. Arbeide med born, i velgjerande butikkar, donere blod, jobbe med dyr. I hovudet mitt er eg ikkje frivillig, eg berre gjer det.
Det seier engelske Lily Stott (21) når Framtida.no vitjar lokala til studentradioen Radio Nova i Oslo. Stott og redaktør Mia Nova Gander (24) – også frå England – er to av dei nokolunde faste røystene i radioprogrammet «The Language Café», som er det einaste engelskspråklege programmet på kanalen.
Programmet rettar seg meir eller mindre mot internasjonale studentar, med spalter og tema som vekas norske ord/uttrykk, heilagdagar frå heimlanda og erfaringar som internasjonale i Oslo.
– Men alle kan lytte til det, understrekar Stott.
Viktig møteplass
Redaktør Mia Nova Gander ønsker å gjenskape kjensla av å vere på ein språkkafé og leve opp til namnet på programmet, som ho sjølv kom opp med.
– Viben eg vil at lyttaren skal føle, er ein flytande samtale som får deg til å smile. Ei fin, morosam stund, kanskje noko nytt å gjere, seier ho.
Men programmet er ikkje berre for lyttarane, seier Gander. Det er like viktig for nettopp dei som lagar det.
– Vi har nokre veldig fine medlemmer som har sagt at det er favorittdelen av sundagen deira. Eg er så glad for at vi har møtst. Vi kjem inn for å lage radio, men vi har også ei veldig fin tid saman, seier ho og poengterer:
– Det kan vere ganske einsamt å vere internasjonal i Oslo.
Mura inne av snø
Gander flytta til Noreg frå England for nokre år sidan. Mora hennar er fødd i Noreg, og ho ville sikre det norske statsborgarskapet sitt.
Ho byrja etter kvart på eit studium i utdanning og sosial endring.
– Eg budde på eit soverom i huset til bestemora mi. Eg kjente ingen og var kjempeeinsam. Det var den verste vinteren på ti år – ingenting får deg til å kjenne deg einsamare enn å vere mura inne av snø.
Ho fortel at løysinga mot einsemda vart å plassere seg sjølv i situasjonar der ho møtte andre.
– Oslo er fullt av nordmenn. Alle eg møtte, flytta hit med venene sine. På den måten kan byen vere klikkete – ikkje med vilje, men folk lever sine eigne liv, og du må tvinge deg sjølv inn, seier ho.
Ho har forstått at mange av dei sosiale arenaene er organiserte. Då ho først kom til Noreg, vart ho oppmoda om å bli med i ein løpeklubb, ein syklubb, ein bokklubb.
Eller studentradioen.
– Eg visste at studentradioen kom til å vere full av folk som var glade for å vere der, og at det difor ville vere ein god vibe – i staden for å prøve å snakke med folk på bussen, som er ulovleg, seier ho og ler.
Noko å gå til
Også Stott opplevde at det kunne vere einsamt som fersk, internasjonal student i Oslo. Ho fortel at ho har mange vener som har studert i utlandet, men dei har reist i lag med andre vener. Stott kom åleine til Oslo, og kjente ingen.
– Det var ganske intenst i starten. Eg budde saman med andre internasjonale studentar som eg vart ven med, men dei reiste heim att etter eit semester, og eg måtte starte på nytt, fortel ho.
– Då er det fint å ha radioprogrammet kvar sundag. Det fint å ha noko å gå til med folk å snakke med, seier ho.
Radio Nova har også arrangement for alle medlemmene sine. Det har òg vore ein god sosial arena, seier Stott.
– Måten eg møter folk på gjennom studia er på førelesing og i kollektivet. Det er godt å ha eit anna aspekt utanfor studia til å møte nye folk, seier ho.
Viktig motivasjon
Ifølge ei undersøking frå Frivillighet Norge oppgir 28 prosent av frivillige at dei er motiverte av det sosiale aspektet. Den vanlegaste årsaka er at ein vil vere til nytte (50 prosent), eller å støtte opp om ein verdi for samfunnet (39 prosent). 13 prosent svarar at dei vil bli utfordra eller lære noko nytt.
Andelen som viser til sosialt samvær som motivasjon, har sokke frå 35 prosent frå 2024.
Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge, synest det er vanskeleg å seie om reduksjonen frå 2024 til 2025 er ein trend eller ein tilfeldig variasjon, men han påpeiker at andre motivasjonar enn sosialt samvær er viktigare for mange.
– Men med tanke på individualismens tid, kan det ha ein samanheng med det å gjere. Folk oppsøker kanskje ikkje det sosiale, men meir ein eigenverdi i frivilligheita, spekulerer han.
Johnsen meiner dei internasjonale studentane Framtida.no har snakka med, er gode eksempel på nokon som oppsøker frivillig arbeid for det sosiales skuld: Nokon som er ny på ein stad, anten dei kjem frå utland eller innland. Han viser også til menneske i overgangar i livet, som mister sosiale nettverk, til dømes pensjonistar.
Ettersom større delar av kvardagen flyttar seg over på internett, meiner Johnsen at samfunnet har eit større behov for fysiske møteplassar.
– Vi treng også dei møteplassane der vi møter folk med ein større variasjon i bakgrunn, meiningar og haldningar. Ein lærer av kvarandre, løyser problem saman og vert utfordra i fellesskap. På dei digitale møteplassane er det veldig lett å skru av. Du treng ikkje å rette deg etter folk som tenker noko anna enn deg sjølv. Der kjem frivillige organisasjonar til å spele ei endå viktigare rolle framover, meiner han.
Frivillig og frivillig
Sjølv om både Gander og Stott assosierer ordet «volunteering» meir med å gi blod eller hjelpe dei eldre, kan dei vedgå at det dei driv med, per definisjon, er frivillig arbeid. Dei gjer jo ein jobb, og dei får ikkje pengar for det.
– Folk set det jo på CV-en sin. Folk kjem her utan mange vener og får ta del i eit større miljø, og sånn sett hjelper det folk. Berre ikkje på den same openberre måten som vi er vane med, seier Gander.
Stott, som studerer musikk, fortel at ho sjølv gjerne kunne tenke seg å jobbe med radio i framtida. Ho får dermed nyttig erfaring hjå Radio Nova.
Gander, på den andre sida, er glad for å få gjere noko kreativt.
– Dette er mitt utløp for kreativitet, personleg oppnåing, og å vere i kontakt med den delen av meg sjølv. Det eg vil med karrieren min er å hjelpe folk. Men dette gjer eg berre for meg sjølv. Eg vil berre snakke, få vener og gjere noko kult, seier ho.












