Storbritannia erklærer nasjonal klimaendring-krise

Samstundes viser ein ny rapport at Storbritannia kan eliminere sine drivhusgassutslepp innan 2050.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2019 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag vedtok Underhuset i det britiske parlamentet samrøystes å erklære ei «klimakrise». Forslaget vart fremja etter at Extinction Rebellion demonstrerte i ti dagar. 

– Vi lovar å arbeide så nært som mogeleg med land som for alvor vil få ein slutt på klimakatastrofen, og gjere klart for det amerikanske presidenten Donald Trump at han ikkje kan ignorere dei internasjonale avtalane og handling i møte med klimakrisa, sa Jeremy Corbyn ifølgje The independent.

I løpet av debatten sa også sitjande miljøministeren Michael Gove at regjeringa om kort tid vil introdusere lover som skal sikre at Storbritannia har miljøvern av høgaste standard.

Les også meiningsinnlegget: Er det rettferdig at unge vestlendingar må betala mest for det grøne skiftet?

Netto-null utslepp innan 2050

Etter vedtaket i parlamentet kom også ein ny rapport frå det uavhengige statlege organet Klimaendringsutvalet (eng: Committee on Climate Change, CCC).

I rapporten anbefalar Klimaendringsutvalet at Storbritannia kuttar alt av  drivhusgassutslepp innan 2050.

Skottland bør klare det innan 2045, sidan landet har betre føresetnadar enn dei øvrige landa i Storbritannia. Wales bør på si side redusere drivhusgass-utsleppa med 95 prosent innan 2050.

Både Skottland og Wales har tidlegare denne veka erklært at verda står ovanfor ei klimakrise.

Også verda kan verte utsleppsfri innan 2050: Elektrifisering og solkraft er nøkkelen, meiner forskarane.

Det britiske folket må med

Klimaendringsutvalet har utvikla fleire strategiar som syner korleis Storbritannia skal nå dette nye målet. Det inneber mellom anna ei storstilt elektrifisering og omfattande hydrogen-bruk.

Samstundes er 60 prosent av utsleppsreduksjonen knytt til samfunns- og atferdsendring. Utvalet har difor laga ei oversikt over tiltak enkeltindivid og hushaldningar kan ta for å minske sine utslepp. Tiltaka går på alt frå å minimere talet flyreiser til å minske gjennomtrekk i sin eigen bustad, samt kutte ned på raudt kjøt og mjølkeprodukt.

Les også forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019: Hugs dei fire B-ane!