Onsdag skal det britiske parlamentet stemme over kor vidt klimaendringar er ei nasjonal krise. Det gjev Greta Thunberg håp.

Jeremy Corbyn frå det britiske arbeidarpartiet (Labour) annonserte i helga at han vil tvinge parlamentet til å stemme over kor vidt ein skal erklære ei nasjonal miljø- og klimaendring-krise i Storbritannia.

Det melder The Daily Mirror. 

Meldinga kom i kjølvatnet av konfidensielle dokument som synte at regjeringa berre har brukt ein brøkdel av midlane dei i 2015 sette til sides for å støtte prosjekt som fremja rein luft, skriv The Guardian.

Les også: Ho vil gjere USA hundre prosent fornybart innan ti år

Frå demonstrasjon til handling

Klimaendringane har stige til topps på den politiske dagsorden i landet etter at aktivistar frå Extinction Rebellion heldt ein ti dagar lang demonstrasjon i London.

Ifølgje The Guardian seier Jeremy Corbyn at protestane har vore «ein massiv og nødvendig vekkar» som krev «rask og dramtisk handling, som berre felles handling frå regjeringa og ein grøn industriell revolusjon kan levere».

Forslaget frå Labour inkluderer å rulle ut fornybar og lågutslepps-energi og -transport, å sikre finansiering for å snu den negative trenden i artsutrydding, samt planar om å bevege landet mot ein zero waste-økonomi, skriv The Daily Mirror.

BBC melder at også Nicola Sturgeon frå Det skotske nasjonalistpartiet (SNP) på søndag erklærte ei nasjonal klimakrise på årskonferansen til partiet.

Les også reportasjen med norske aktivistar frå Extinction Rebellion som er villige til å bryte lova for klimaet: – Ein større urett kjem til å skje om me ikkje gjer noko.

Johanne Mangschou (23), Sommer og Martin Johannes Reinholtz (32) trivst i den vesle heimen sin som gyngar i båthamna på Bygdøy. For litt sidan oppgradere dei frå ein 24 fots båt til ein 33 fots båt. – No føler me oss som kongar!, spøkar dei. Foto: Ida Johanne Aadland

Gjev Thunberg håp

Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg besøkte det britiske parlamentet førre veke.

16-åringen presenterte seg då med å seie at ho «snakkar på vegner av framtidige generasjonar».

Vidare fortalde Thunberg at ho dei siste seks månadane har reist Europa rundt – på tog, med elbil og buss – og gjentek den same beskjeden om att og om att. Men det latar til at ingen snakkar om det, eller høyrer etter.

– Det grunnleggjande problemet er det same overalt, og det grunnleggjande problemet er at ikkje noko vert gjort for å stogge, eller ein gong sakke, klima- og økologi samanbrotet.

No håpar Thunberg at andre politiske parti verda over tek etter Labour.


Les også om rapporten: Slik kan verda gjerast utsleppsfri innan 2050

Oppdatert: måndag 6. mai 2019 08.39

Kommentarar

ANNONSE