Er det rettferdig at unge vestlendingar må betala mest for det grøne skiftet?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vestlandet har tent gode pengar på utbygginga av oljeeventyret på norsk sokkel, men skatteinntektene frå oljeutvinninga har likevel vore likt fordelt over heile landet.

Oljepengane har gitt jobb til mange byråkratar og finansfolk i Oslo, og oljepengane har bidratt til at den personlege økonomien til nordmenn har hatt ein vekst få land i Europa har vore i nærleiken av.

Olja, som har gjort heile Noreg til eit rikt land, er samstundes med på å endra klimaet vårt. Noreg er blant dei landa som vil oppleva størst temperaturauke.

Av landsdelane i Noreg, er det Vestlandet som vil bli hardast ramma gjennom ekstremnedbør og auka fare for flaum og ras. Det vil kosta.

Vestlandet går føre

Vestlandet har tatt føringa på det grøne skiftet med satsinga på miljøvennlege ferjer. At alle bilferjer skal gå på straum innan 2025, er ein viktig del av klimasatsinga som regjeringspartia blei samde om i Granavollen-erklæringa. Men kostnaden med miljøvenlege ferjer må fylka ta sjølv, meiner samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

I 2020 reknar Hordaland fylkeskommune med å bruka 285 millionar ekstra på seks ferjesamband som då er elektriske. Og meirkostnaden vil halda seg på kring 200 millionar kroner i året.

Tala er i heile 1000. Kjelde: Hordaland fylkeskommune

På sambandet Jektevik-Huglo-Hodnanes i Sunnhordland kan 50 avgangar i veka bli kutta, noko som fører til at 6-åringar som pendlar med ferja må vera lenger på skulen.

Må kutta i det meste

Fylkeskommunane har to felt dei bruker det meste av pengane sine på: samferdsel og vidaregåande skule. Med dyrare drift av miljøvenlege ferjer, så blir fylkeskommunane tvinga til å velja mellom å kutta i vegutbygging og -vedlikehald, rassikring, kollektivtilbod og skuletilbod for ungdom.

Mest truleg kan dei bli nøydde til å kutta i det meste.

Vestlandet blir hardast ramma

Fylkeskommunale vegar må tilpassast klimaendringane dei blir utsette for. Vestland fylkeskommune blir ein stor vegeigar med om lag 5000 km fylkesveg samla. Dette er knapt halvparten av riksveglengda i landet. Med nullvekst i inntektsrammene og ikkje vesentlege positive utslag for vegsida i det nye inntektssystemet, blir det krevjande å oppretthalde vegstandarden. Det kan bli vestlendingane, og då særleg ungdommen her i vest, som må betala for dette.

Det burde vera ei slags rettferd i at litt av oljerikdommen som er pumpa opp frå sokkelen utanfor Vestlandet kan bli brukt til å betala for grøne ferjer og dei auka kostnadene klimaendringane fører til.

Bruker allereie minst på vidaregåande skule

Ungdom på Vestlandet betaler alt prisen ved at fylkeskommunane i vest allereie bruker minst pengar på vidaregåande opplæring per elev, samanlikna med dei andre regionane i landet, ifølgje tal frå SSB. Til hausten, når fylkeskommunane skal bli samde om nye budsjett, vil dei truleg bli tvinga til å kutta endå meir i vidaregåande skule og samferdsel.

Den langsiktige gjelda til Hordaland fylkeskommune utan pensjonsforpliktingar er i dag på 114 prosent av brutto driftsinntekter. Det er ein høgare gjeldsgrad enn Hellas hadde rett før finanskrisa. Sjølv om Sogn og Fjordane har betre økonomi, så er det ikkje sikkert det vil hjelpa så mykje å slå saman fylka. Det kostar å driva eit fylke der folk bur spreidd. Og det vil vera ein dårleg start på samarbeidet viss elevane i Sogn og Fjordane får eit dårlegare tilbod etter fylkessamanslåinga.

Framtidsfylka

Fylkeskommunen som snart er historie – Sogn og Fjordane – har i fleire år kalla seg Framtidsfylket. Det er passande for det fylkeskommunane eigentleg driv med: dei byggjer og driv framtidas reisemåtar og utdannar ungdom for framtida – samstundes som dei legg til rette for næringsutvikling for framtida.

Fleire burde heia på fylkeskommunane, og det dei driv med!

Men no er det smalhans i fylkeskommunane. Veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane frå 2017 til 2018 var på to prosent. Det er mindre enn lønsauken. Trass i dette har fylkespolitikarane valt å betala meir for framtidsretta og klimavennlege ferjer.

Hordaland fylkeskommune ber no om å få ein kompensasjon frå staten for kvar 1000 tonn CO2 som dei sparer på miljøvenlege ferjer. Det burde dei. Alternativet er at det går ut over framtida vår.

Unge vestlendingar må sleppa å sitja igjen med heile rekninga for nødvendige klimatilpassingar og det grøne skiftet!