Språkrådet veit best: Som ein spør skal ein få svar

Det kjem mange gode spørsmål til Språkrådet, og ofte endå betre svar. Vi har samla våre favorittar.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 02.04.2019 23:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svara er omsett til nynorsk av Framtida.no.

 

Å ha ballar til noko er å vere modig nok. Den underliggjande ideen er at motet stammar frå testiklane, og di større, di betre.

Ei grundig utgreiing finn vi i romanen Lady Chatterleys elsker (s. 281).

At det finst samanhengar mellom testiklar, testosteron og visse typar pågangsmot eller pågåande veremåtar, er vel ikkje særleg omstridt. Ein språkbruk som dyrkar førestillinga om testiklar som sjølve hovudkjelda til mot, kan likevel vanskeleg seiast å vere heilt fri for mannssjåvinisme eller i det minste mannsdyrking. Den som støtt brukar uttrykket «ha ballar» utan å vilje vedgå dét, har kanskje ikkje så mykje metaforiske ballar sjølv?

Svenskane tek han heilt ut med «ha stake att göra något»

Det er noko nokså nytt i norsk å bruke «ballar» på nett denne måten. Det er ein internasjonal trend med stønad i engelsk «have the balls to». Dansk har «nosser til», og spansk har «cojones» (som og er brukt i engelsk). Svenskane tek han heilt ut med «ha stake att göra något».

Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at liknande uttrykk med steinar, køddar eller eiste har vore brukt i norsk talemål frå gammalt av, men vi kan i alle fall ikkje sjå spor av noko slikt i litteraturen eller ordbøkene.

Les også: Skal fornye ordbøkene: No kan gutane også vere gutegalne

 

Eldre er eit ulle omgrep med fleire sider.

Den Danske Ordbog hevdar at eldre = ‘med ein alder på mere end ca. 60 år; forholdsvis gammel’. Det Norske Akademis ordbok (NAOB) er like spesifikk på sin måte: ‘mellom middelaldrende og gammel’.

Paradoksalt nok er eldre menneske yngre enn gamle! Altså: eldre gammal – eldst. «Verkeleg gamle» fell utanfor eldre-omgrepet i NAOB ovanfor.

Grunnen er naturlegvis at eldre ofte blir definert i høve til yngre, ikkje til gamle. På same måte er yngre ofte eldre enn unge!

No spørst det om ordboksdefinisjonane ovanfor heilt dekkjer moderne norsk språkbruk. I dag er gammal blitt eit tabuprega ord. Ein kan diskutere om tabuiseringa døyver eller understrekar den skamma somme knyter til alderdom. I alle fall er ordet gammal i stor mon skuva bort av eldre, som altså er blitt ein unyansert evfemisme for gammal.

Paradoksalt nok er eldre menneske yngre enn gamle!

I eldre menneske har vi ein absolutt komparativ (ein ikkje-samanliknande komparativ), som i ein betre middag. Takka vere dette grammatiske fenomenet veit ingen heilt kva som er best av «ein betre middag med eldre menneske» og «ein god middag med gamle menneske», noko som kan bli eit stadig meir påtrengjande spørsmål for yngre menneske no som den såkalla eldrebølgja er i kjømda.

Ein annan evfemisme for både gammal og eldre, særleg i samansetningar, er senior, som opphavleg er komparativ av latin senex ‘gamal’ (med synonymet senilis).

Les også: Repparfjord eller Repparfjorden? Kva er rett?

 

Å lage ei kjerring er opphavleg å dette i skibakken. Å reise den same kjerringa er å renne ned resten av bakken utan å dette.

Uttrykket er gammalt i delar av Telemark, Agder og Rogaland.

Vi siterer frå Slang og sjargong av Ingvald Marm (1962):

Frå slang og sjargong av Ingvald Marm.

Snøkjerring kan tyde snømann og stor snøball, men ei kjerring er her eit avtrykk i snøen. Merk at det er ein møykjerring, altså ei ugift kvinne. Den som fekk mange møykjerringar i bakken, ville få tilsvarande store vanskar med å få seg ei kone.

I skjønnlitteraturen førekjem uttrykket truleg først hjå Kristen Stalleland i barneforteljinga Vesle Hallvard (1897):

Utdrag frå Vesle Hallvard av Kristen Stalleland.

Kjerring er elles ein mykje brukt metafor i det gamle arbeidslivet, sjå tyding 8, 10 og 11 i Norsk Ordbok. Om det ikkje var for tilknytinga til vinteridrett, hadde det vore rimeleg å leite etter opphavet her. Somme har meint at tydinga ‘mastefisk’ eller ‘(tre)blokk i botnen på båt (med tilhoggi hol for mastefoten)’ ligg til grunn for å reise kjerringa. Men problemet er at det er masta som blir reist på kjerringa, ikkje omvendt. Vi kan sjå bort frå desse alternative forklaringane.

Les også meiningsinnlegget: «Om du ikkje forstår nynorsk er det du som er problemet»

Det motsette av tørst (eller tyrst) er utørst (eller utyrst). Ordet fanst alt i gammalnorsk (úþyrstr) og er fullgodt.

Mange skriv til Språkrådet og hevdar at vi har eit hol i ordtilfanget, men utørst er faktisk eit ord. Det er til og med ganske praktisk. Berre tenk på tyskarane og dei engelsktalande, som må ty til omstendelege uttrykk som (ich habe) keinen Durst mehr og (I am) no longer thirsty!

Danskane drikk seg ikkje lenger utørste (meir om det nedanfor), medan svenskane har ordet otörstig. Islandsk og færøysk har i prinsippet høvesvis óþyrstur og ótystur, men orda er visst lite brukte.

Påstanden om hol i ordtilfanget byggjer på to mistydingar: 1) at eit antonym må ha ei heilt anna form enn det ordet som er utgangspunktet, og 2) at ord på u- ikkje duger som antonym. Ord som ugiftupraktisk og usunn viser at det ikkje stemmer.

At det ikkje finst ei særskild ordrot for det motsette av tørst, er sant nok, så det finst ein liten ubalanse i ordtilfanget som er interessant nok. Både biologisk, økonomisk og kulturelt er det som kjent stor skilnad mellom fast og flytande føde. Kanskje ligg grunnen her, men det er vanskeleg å seia noko meir om.

Både engelsktalande og tyskarar har betre grunn til å diskutere mangelen på eit ord for utørst

Sjølv om vi har ordet i språket, er det rett nok ikkje vanleg å bruka utørst heilt på line med mett. Det vanlegaste er å seia noko slikt: eg e ’kje tørst (lenger). Og dei fleste seier sikkert heller berre «då eg hadde drukke» enn «då eg var utørst» eller «då eg hadde drukke meg utørst». Skal ein ta litt i, kan ein òg sløkkja torsten. Men merk at det er torsten som er sløkt, ikkje drikkaren. I engelsk har ein tilsvarande to quench one’s thirst.

Både engelsktalande og tyskarar har betre grunn til å diskutere mangelen på eit ord for utørst, og dei gjer det, ser vi på nettet. Danskane gjer det òg, for dei har mist ordet for lenge sidan. I Ordsamling fra den norske æsthetiske Literatur siden Aaret 1842 (1866) måtte «drikke seg utørst» forklarast for eit dansk publikum, slik: ‘læsket, ikke meer tørstig’. Ordlaget stod i eit norsk folkeeventyr. Om det ikkje var for Asbjørnsen og Moe, kunne utørst såleis ha vore heilt uhøyrt i norsk òg i dag. Det ville vore ugreitt.

For over hundre år sidan prøvde danskane å laga eit nytt ord for utørst, eller å ta opp eit gammalt, nemleg sæt. Det lukkast visst ikkje godt.

Les også: Er «ei litta øl» meir ufarleg enn «ein liten øl»?

Er du på jakt etter fleire svar på spørsmål du ikkje visste du hadde? Leit i svardatabasen til Språkrådet.