Er «ei litta øl» meir ufarleg enn «ein liten øl»?
Inspirert av SKAM-Noora tok to språkforskarar fatt på ei ny gransking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
To språkforskarar ved Universitetet i Søraust-Noreg vart inspirerte av SKAM-Noora og tok til å forske på språkfenomenet: «ei litta».
Kvifor seier nokon «ei litta» framfor hankjønnsord og intetkjønnsord som øl, tur og vits?
Ei litta gransking
Forskarane Guro Nore Fløgstad og Eli Anne Eiesland har granska førekomsten av «ei litta» på Twitter, søkt igjennom alt som stod på det norske internettet i 2010, samt gjennomført ei spørjeundersøking blant 35 av sine eigne studentar.
Studentane svara at «ei litta»:
- Endra storleiken eller mengda: «Ei litta biltur» er kortare enn «ein liten biltur»
- Understreker at noko er koseleg/søtt: Ein biltur er også koselegare om den er «ei litta»
- Viser nærleik/eit kjærlig forhold: «Som lita var hu ei litta hjerteknuser»
- Demper eller ufarleggjer: «Ei litta selfie frå treningsøkt» er meir audmjukt og mindre skrytete enn «ein liten selfie»
Etter å ha saumfart norske nettsider la forskarane til at «ei litta» uttrykker:
- Sympati: «Han hadde fått seg ei lita smell.»
- Forakt: «Når nokon dør i ei trafikkulukke kjem det berre så vidt ei lita notis.»
Les også: Bør vi vere like provoserte av tyske lånord som engelske?
Uvisst omfang
Fløgstad og Eiesland veit enno ikkje kor omfattande og utbreidd denne formuleringa er.
Den var ikkje særleg utbreidd på det norske internettet i 2010, og ei gransking av Twitter-treff mellom 2008-2018 synte at formuleringa var mest brukt på det sosiale mediet i 2012. Endeleg sa nesten halvparten av studentane at dei brukte uttrykket, nokre berre i visse situasjonar.
Brukar du uttrykket «ei litta»?
Brukar du uttrykket «ei litta»?
Forskarane veit ikkje kva delar av landet som brukar «ei litta» på denne måten, men to av studentane brukar det for å gjere narr av austlandsdialekter. Så kanskje er det eit austlandsfenomen?
– Vi trur likevel fenomenet er ganske vanleg. Når grinebitarane legg merke til det og irriterar seg over det, har det nok fått ei viss spreiing, seier Eiesland til Forskning.no.
Forskarane fortel også at dei utanom forskingsprosjektet har fått meldingar frå folk som har høyrt språkbruken i fleire tiår.
Møt også kvinna bak Instagramkontoen «nynorsk_tinder». Ho fortel om Tinder-reaksjonane på målforma: «Er det ikke slik at du er nazist om du skriver nynorsk?»
Språkleg nødhjelp for hokjønnet?
Forskning.no skriv at «ei litta» kan vere ein språkleg tendens som blæs forbi, men at Fløgstad og Eiesland meiner det kan vere ein aldri så liten protest mot eit språkleg kjønnsskifte: at stadig fleire byter ut «ei jente» med «en jente».
Medan Eiesland og Fløgstad spekulerer i kor vidt «ei litta»-fenomenet har ein samanheng med at grammatisk hokjønn er i ferd med å forsvinne frå mange dialekter, så meiner nokre det kan tyde det stikk motsette.
Professor Terje Lohndal ved NTNU seier til Forskning.no at bruken nok er for smal. Fenomenet gjeld berre for adjektivet liten og berre i bestemte samansetningar, og er difor neppe eit teikn på større fleksibilitet i grammatisk kjønn.
Lohndal trur heller «ei litta» varslar hokjønnet sin undergang:
– På finlandssvensk oppstod noko liknande då hokjønnet låg på dødsleiet. Når grammatisk hokjønn er på veg ut, kan det få slike spesielle funksjonar, seier han til Forskning.no.
Les også: Kvifor døyr språk ut? To språkforskarar og ein biolog svarer.