Penelope Lea (14) er så engasjert for miljøet at ho er nominert til Frivillighetsprisen

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøagent Penelope (14) er nominert til Frivillighetsprisen

Framfor Stortinget står det ei jente på 14 år og snakkar om klima og framtida på ein sånn måte at det kjem engasjerte tilrop frå mange av dei som står og lyttar. Det er ei morgonsamling for klimaet framfor Stortinget, og mange folk og organisasjonar er samla for å vise at dei bryr seg om miljøet.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen heldt og tale under klimaarrangementet framfor Stortinget. Foto: Beate Haugtrø

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har akkurat sagt sitt, og no er det Penelope Lea (14) frå Miljøagentane, barnas miljøorganisasjon, som snakkar.

Ho fortel oss at vi her heime i Noreg som er mette, trygge og varme og har ein stad å bu, kan gjere meir for klimaet enn dei som bur i fattige land og har mindre ressursar enn oss.

JA! Roper ein av dei som står fremst og lyttar.

Engasjementet til Lea er så stort, at no er ho nominert til «Frivillighetsprisen», saman med sju andre finalistar. Ho er den yngste nokon gong som har vore nominert til denne prisen.

Mange folk har samla seg framfor Stortinget for å vise at dei bryr seg om jordkloda og miljøet. Her lyttar dei til appellen til Penelope Lea. Foto: Beate Haugtrø

Etter at ho har halde appellen, tek ho ein prat med Framtida.no.

– Korleis er det å stå framfor så mange menneske og snakke?

– Det er berre veldig gøy. Eg er sjølvsagt litt nervøs på førehand, men ikkje så mykje at det ikkje alltid er gøy, seier Lea.

Ein av grunnane er òg at det ho held på med er så viktig.

– Eg er litt nervøs, men så tenker eg at det er veldig viktig det eg gjer, og at det trengst, seier ho.

Penelope Lea framfor Stortinget. Foto: Beate Haugtrø

Da Penelope Lea var åtte år, så meldte ho seg inn i Miljøagentane, barnas klimaorganisasjon. Ho såg i avisa korleis ein snakka om framtida, og om korleis det stod til med jorda.

Ho byrja også å legge merke til at mange menneske rundt henne, både venner og folk ho las om eller såg på tv, engasjerte seg og brann for noko.

– Alle som brenn for noko, det synest i ansiktet på ein, og eg trur det smittar, seier ho.

– Eg skjønte at eg ikkje kunne vente med å gjere ein innsats til eg vart vaksen.

– Alle som brenn for noko, det synest i ansiktet på ein, og eg trur det smittar

Så Lea vart på ein måte smitta av engasjementet til alle ho såg rundt seg. No smittar hennar eige engasjement over på andre.

– Eg har lært så mykje og møtt så mange som er engasjerte i noko. Det har vore heilt fantastisk, seier ho.

Les også: Ny rapport: Alle isbrear i Noreg er trua

Heldt sin første tale da ho var ni år

Da ho var nesten ti år, så heldt ho sin første tale på Natur og Ungdom sin landsleir, gjennom Miljøagentane. Og da ho var tolv, så vart ho med i Barnas Klimapanel, saman med sju andre barn.

Barnas klimapanel samlar informasjon frå miljøengasjerte barn i heile landet, og kvart år lagar dei ein rapport med fem hovudtema som barna er opptatte av og gir det vidare til politikarane som bestemmer.

– Vi har fått innspel frå barn i heile Noreg. Det er heilt fantastisk. Men òg litt vondt, å sjå alt, seier ho.

Klimabistand, transport, plast, havet og natur, er blant temaa dei har jobba med.

Etter at Lea vart med i Barnas Klimapanel, har ho òg vore med på større oppdrag. I fjor deltok ho på FN sitt klimatoppmøte i Bonn saman med dei andre barna i klimapanelet.

Det er ikkje berre alvor når ein er med på klimatoppmøte. Her speidar Penelope Lea saman med dei andre i Barnas Klimapanel etter Macron- presidenten i Frankrike, som òg deltok på møtet. Foto: Miljøagentene

– Eg hugsar da eg var i Bonn i fjor, det var så mange menneske som brann for noko og var engasjerte og redde for å miste heimane sine og det dei var glade i. Det var veldig rørande og sterkt, nesten som å gå midt i eit kjærleiksbrev, seier ho om besøket.

I Bonn var det nokre skoleklassar, men ellers var dei åtte miljøagentane nesten dei einaste barna. Dei hadde møte med politikarar og folk frå mange organisasjonar.

No i desember skal ho saman med resten av Barnas Klimapanel igjen delta på FN sitt klimatoppmøte.

Møte med Thelma Krug, visepresident i FNs klimapanel. Foto: Miljøagentene

– Du er fjorten år. Korleis er det å reise rundt og snakke med så mange framande og «viktige» folk?

– Eg er litt nervøs, men så tenker eg at det er veldig viktig det eg gjer og at det trengst. Nokre gongar blir eg oppgitt fordi dei ikkje lyttar. Og nokre gongar lyttar dei kjempemykje. Men eg er veldig glad for å få gjere det eg gjer.

– Kva er det viktigaste vi kan gjere?

– Eg trur det er viktig å engasjere seg, kome på markeringar, og halde appellar. Og også gjere dei daglege tinga. Unngå eingongsemballasje, pante flaskar, og plukke søppel. Det er veldig mykje ein kan gjere.

Les også: Natur og Ungdom: Ei ny regjeringserklæring må setje miljø i førarsetet

Politikarane må høyre på dei unge

Sidan ho byrja å engasjere seg for miljøet, har Lea snakka med mange viktige politikarar, som statsminister Erna Solberg, og Miljø-og klimaminister Ola Elvestuen.

– Kva er det viktigaste politikarane kan gjere?

– Det er å fortsette å prøve, og å tore å feile på vegen til å lære. Og det er viktig at dei høyrer på oss barna. Det synest eg er veldig viktig. Vi må prøve å seie til politikarane at vi er her og at vi heier på dykk og at vi er klare for handling.

Nokre gongar lyttar ikkje politikarane, og nokre gongar lyttar dei veldig, seier Lea. Ho synest det er viktig at dei vaksne lyttar til barna. Her møter ho statsminister Erna Solberg på Arendalsveka i august 2018. Bilde frå serien Mission Impact som skal lanseres tidleg i 2019. Hacienda Film og Differ Media

Ho synest at barna bør få vere med og bestemme meir enn det dei gjer no.

– Vi må få delta på debattar og få seie vår meining før viktige avstemmingar. Det trur eg er viktig.

Lea meiner òg at vi må samarbeide meir på tvers av generasjonane om vi skal få gjort noko med klimaet innan ti år.

– Eg er 14 år og har ikkje stemmerett. Vi må bli inkluderte. Dei vaksne må høyre på oss og dei som bestemmer må høyre på oss barna. Vi er framtida. Eg vil ha ein fin arv når eg blir vaksen òg, seier ho.

– Er veldig glad for å bli nominert

– No er du nominert til «Frivillighetsprisen», som aller yngste nominerte nokon gong! Korleis var det å bli nominert?

– Det var veldig fint. Eg vart så glad. Det er så veldig fint at nokon barn blir nominert. Det er vi som skal arve jorda, sjølv om vi ikkje har stemmerett før nesten ti år har gått. Eg er veldig glad fortsatt.

Og så eit aller siste, men kanskje det aller viktigaste spørsmålet:

– Er det håp for jorda vår, trur du?

– Ja! Det trur eg. Vi må jo berre tru det er håp. Ellers går det iallfall ikkje. Og kvar gong eg møter menneske som er engasjerte i noko og brenn for noko så er det eit håp i meg som blir tent. For vi er jo så mange, seier Lea.

Les også: Her er Penelope Lea sine tips til andre som vil engasjere seg for miljøet