Penelope Lea (14) sine tips til andre som vil engasjere seg

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 06.12.2018 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Penelope Lea er nominert til årets Frivillighetspris fordi ho er så engasjert i å ta vare på naturen og miljøet. Ho er med i Miljøagentane, er leiar av Barnas Klimapanel, og snart skal ho og dei sju andre i Barnas Klimapanel reise på klimatoppmøte.

Her er Penelope Lea sine tips til andre barn og ungdommar som vil engasjere seg for miljøet:

  • Ein kan vere med i ein organisasjon, for eksempel Barnas Klimapanel og Miljøagentane. Miljøagentane er barnas miljøorganisasjon, og ein fantastisk organisasjon, seier Lea.
  • Ein kan gjere alt fra å vere med på arrangement for miljøet, unngå eingongsartiklar som plastbestikk, vere med på aktivitetar som å plukke plast og lage biehus.
  • Ein kan òg melde seg som spesialagent i Miljøagentene – da får ein fleire oppdrag, som å halde tale. Ein kan òg stille på val til Barnas Klimapanel. Da får ein veldig mange viktige oppdrag.

– Kva kan barn og ungdommar gjere om dei ønsker å påverke politikarane der ein bur?

  • Du kan snakke med ordføraren, halde ein tale, snakke med lokalavisa om å komme og stille til eit intervju om det du engasjerer deg i.
  • Om ein vil endre noko kan ein òg spørre Miljøagentane om hjelp, seier Lea.

Endeleg, det mest sentrale rådet frå 14-åringen:

  • Det er veldig viktig å vere engasjert, for brennande engasjement smittar!

Les heile intervjuet med Penelope Lea her!