Ny rapport: Alle isbrear i Noreg er trua

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artsdatabanken la onsdag fram den nye raudlista, som viser kva for naturtypar som vi står i fare for å miste heilt her til lands. Til saman er 75 naturtypar definerte som trua, og blant dei er altså alle breane i Fastlands-Noreg. Dei er alle plassert i kategorien «sårbar».

– Utbreiinga av breane er først og fremst avhengige av klimaet. Studiar viser at brear på fastlandet jamt over har krympa mykje dei siste 50 åra, og at utviklinga vil skyte fart i dei neste 50 åra, gitt dei siste utrekningane for klimaet i framtida, skriv ekspertane som har raudlistevurdert breane.

Også på Svalbard står isbreane i fare for å bli redusert, men det er venta at endringane der vil bli mykje mindre enn på fastlandet.

Les klimareportasjen frå Svalbard – ei varsellampe for kva som kan skje.

Briksdalsbreen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix/ NPK

Snøleie smeltar

Ein annan naturtype som blir trua av klimaendringar, er såkalla snøleie. Dette er snø som blir liggjande i fjellet lenge utover sommaren, og som gir ein kort vekstsesong og nesten kontinuerleg tilførsel av smeltevatn.

– Når snødekket blir redusert, vil dei spesialiserte artane få vanskelegare leveforhold. Over tid vil dei då bli erstatta av andre arter, skriv Artsdatabanken i gjennomgangen sin.

– I denne raudlista ser vi veldig tydeleg at klimaendringar påverkar naturtypar i Noreg. Dette gjeld for 25 av dei trua naturtypane, og det er i fjellet at effektane av klimaendringane er størst, seier prosjektleiar Snorre Henriksen hos Artsdatabanken.

Av naturtypar som står i fare for å forsvinne, blir mellom anna sukkertareskog, sørleg slåttemyr, olivinskog, fosse-enger og jordpyramidar trekte fram. Det blir streka under at mykje anna enn klimaendringar òg kan påverke naturtypar, og at vi nokre gonger ikkje kjenner årsaka til at dei blir reduserte.

Forskarane forstår ikkje kvifor blåskjel forsvinn frå stader dei har vore i mange år. Foto: Nick Karvounis, Unsplash.com

Blåskjeltrøbbel?

Ein annan kime til bekymring er at blåskjelbestanden ser ut til å vere redusert. Han er førebels vurdert som «sårbar» i raudlista, men dette er ikkje avgjort.

– Dei endelege vurderingane for denne gruppa vil bli klare 3. desember, blir det opplyst.

Bakgrunnen for at blåskjel kan vere på veg inn på raudlista, er fleire bekymringsmeldingar om bestanden.

Moglege forklaringar kan vere «endringar i havmiljøet, beiting frå ærfugl, og at kombinasjonen av auka temperaturar og sjukdomsutbrot kan føre til høgare tal på døde».

No ventar ei innspelsrunde frå ekspertar på området, før den endelege blåskjelavgjerda blir teken.

Les også: Ingen veit kvifor blåskjela forsvinn

Kritisk trua

Varme kjelder er svært uvanleg i Noreg, men det finst faktisk tre av dei på Svalbard – inntil vidare. Dei er nemleg alle oppført som «kritisk trua» på den nye raudlista.

– Dei blir skada av at besøkjande badar og trakkar i dei, opplyser Artsdatabanken.

Det same gjeld landforma kalktuff eller travertiner, som blir danna rundt dei varme kjeldene på Svalbard. Denne landforma er også «kritisk trua».

Ni komitear med 36 fagekspertar har gjort vurderingane i den nye lista. Arbeidet har vore leidd av Artsdatabanken og vurderingane er gjort etter ein metode for raudlisting utarbeidd av Den internasjonale naturvernsunionen (IUCN).

– Raudlista byggjer på den beste kunnskapen vi har om tilstand og utvikling i norsk natur, og vurderingane skal vere moglege å etterprøve og uavhengige, seier Snorre Henriksen.