Milliardæren Jeffrey Epstein blei pågripen og tiltalt for menneskehandel i 2019. Han tok sitt eige liv i fengselet same år.
Foto: AP Photo/Alex Brandon
EU innfører toll på jern
Tollen på såkalla ferrolegeringar frå EU kjem til å ramme Noreg, ifølgje E24. Ei ferrolegering er ei blanding av jern og andre metall som blir brukt for å betre stål.
EU har innført ein toll for å beskytte metallindustrien i unionen, sidan importen av denne vara har auka med 17 prosent mellom 2019 og 2024.
Vanlegvis har Noreg tilgang på marknaden i EU gjennom EØS-avtalen. Denne gongen har unionen bestemt seg for å stenge ute EØS-land.
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) har sagt dei er usamde med EU si avgjersle, og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ringde sjølv til EU-president Ursula von der Leyen i etterkant, ifølgje Aftenposten. Von der Leyen skal ha understreka at dette er eit enkelttilfelle.
Utanriksminister Espen Barth Eide på pressetreff om EU si avgjerd om å innføre toll på jernlegeringar. | Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Ekstrem tørke i Iran – tyr til vêrmanipulasjon
Det har vore ekstrem tørke i Iran denne hausten. Irans nasjonale meteorologorganisasjon anslår at mengda regn over heile landet har gått ned med 89 prosent samanlikna med gjennomsnittet, skriv CNN.
Det gjer dette til den tørraste hausten Iran har hatt på 50 år. Det er òg femte året på rad med tørke. Alt dette gjer at vassreservoara krympar, og folk må derfor konservere det vatnet som er igjen.
No har Iran begynt med skysåing, som inneber å tilføre kjemikaliar til skyer for å få dei til å produsere regn.
Førre veke annonserte president Masoud Pezeshkian at om det ikkje snart kjem meir regn, kan det bety at hovudstaden Teheran må evakuerast.
Ei kvinne under ein bønneseremoni for regn i hovudstaden Teheran i Iran. | Foto: AP Photo/Vahid Salemi
13 personar drepne i åtak på flyktningleir i Libanon
Israel gjennomførte eit droneåtak mot flyktningleiren Ein el-Hilweh i Sør-Libanon på tysdag, skriv VG. Ifølgje det libanesiske helsedepartementet er 13 personar drepne og fleire er såra.
Det israelske militæret (IDF) har stadfesta åtaket til The Times of Israel og hevdar at målet var aktørar frå Hamas som trente opp folk som skulle utøve terror mot Israel og IDF.
Det bur 70 000 flyktningar i Ein el-Hilweh, som er den største palestinske flyktningleiren i Libanon.
Palestinske hjelpearbeidarar samlar saman levningar etter åtaket i flyktningleiren. | Foto: AP Photo/Mohammed Zaatari
Tidlegare statsminister i Bangladesh dømt til døden
Sheikh Hasina (78), som var statsminister i Bangladesh frå 2010 til 2024, er dømt til døden for brotsverk mot menneskeslekta, ifølgje BBC. Hasina har levd i eksil i India sidan juli 2024, då ho vart avsett etter eit stort studentopprør i heimlandet.
Ho er blant anna dømt for å stå bak politivalden som drepte hundrevis av demonstrantar i opprøret mot ho. Hasina nektar for skuldingane, og seier rettssaka er politisk motivert.
India har førebels ikkje svart på førespurnaden frå Bangladesh om å få den tidlegare statsministeren utlevert. Bangladesh skal gjennomføre val til nasjonalforsamlinga i februar 2026.
Politiet brukte fleire verkemiddel for å spreie demonstrantane i gatane i hovudstaden Dhaka før dommen var avgjort. | Foto: AP Photo/Rajib Dhar
Lyspunkt: Herrelandslaget til VM for første gong på 28 år
Det norske herrelandslaget i fotball vann overlegent mot Italia sist sundag. Med det tok dei åtte av åtte moglege sigrar i sin pulje, og er no garantert plass i fotball-VM.
VM i 2026 er sett til Nord-Amerika, og blir Noregs fyrste herre-VM sidan 1998.
5. desember blir det klart kven Noreg skal møte i VM. Det blir òg klart kva land og byar dei norske kampane skal spelast i.
Herrelandslaget i fotball vart feira på rådhusplassen i Oslo då dei kom heim. | Foto: Heiko Junge/NTB
Denne veka har det også vore klimatoppmøte i Brasil (COP30). Les meir om det i desse sakene:
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.