Politikk og samfunn

«Likestilling skal ikkje bety at den eine gruppa må stå i skuggen»

Vi må finne ein mellomveg der både jenter og gutar kan kjenne seg likestilt, utan at nokon får ei særstilling berre på grunn av kjønn, skriv Noah Wiik Berge.

Noah Wiik Berge (17)
Automasjonselev på Borgund VGS
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget vart først publisert i Sunnmørsposten og er gjeve att med løyve.

Likestilling er noko eg støttar fullt ut. Det handlar om at alle skal ha dei same moglegheitene, uansett kjønn. Samtidig meiner eg det er viktig å vere ærleg om at likestilling i praksis ikkje alltid blir behandla likt. Etter å ha vore elev både på VG1 helse og VG1 elektro, har eg sett store forskjellar på korleis temaet faktisk blir handtert i dei to fagmiljøa.

På helse, der det er flest jenter, blir gutar som vel linja møtt med respekt, men utan særleg ekstra merksemd. Dei blir sett på som heilt vanlege elevar, og kvardagen går som normalt. Det er lite tilrettelegging eller ekstra fokus på at dei er gutar i eit «jentefag».

På elektro derimot, opplever eg at jenter får mykje merksemd og tilrettelegging – ofte med god intensjon.

Dei blir løfta fram, oppmoda og får støtte for å halde fram i eit mannsdominert fag.

Eg forstår godt at noko tilrettelegging er nødvendig for å oppnå reell likestilling, men eg meiner det må vere ei grense. I dag er det eit stort behov for fagarbeidarar i næringslivet, særleg elektrikarar. Men det bør ikkje vere slik at ein gut skal settast bak ei jente berre på grunn av kjønn, når begge har same interesse og kompetanse for yrket. Likestilling må handle om å velje den som er best kvalifisert – ikkje om å kompensere for statistikk. Når tiltak og oppfølging blir så omfattande at det nesten gjer det vanskelegare for gutar å bli sett, har balansen tippa feil veg.

Likestilling skal ikkje bety at den eine gruppa må stå i skuggen for at den andre skal få lys.

Vi må finne ein mellomveg der både jenter og gutar kan kjenne seg likestilt, utan at nokon får ei særstilling berre på grunn av kjønn.

For ekte likestilling handlar ikkje om å kompensere – det handlar om å behandle alle med same respekt, dei same forventningane og dei same moglegheitene.