«Fossillobbyen bør kastast ut av toppmøta»
Ein rekordstor del av deltakarane på FNs klimatoppmøte kjem frå fossillobbyen. – Vi har ikkje tid til fleire falske løysingar, skriv Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
531 lobbyistar er på plass for å fremme karbonfangst og -lagring på klimatoppmøtet i Brasil. Det er på høg tid at vi kallar dette det det er: Grønvasking som forlenger oljealderen.
Rekordstor del karbonfangst og -lagringslobbyistar
Over 1600 fossillobbyistar deltek på COP30, som er ein rekordstor del av dei totale deltakarane. Det er berre Brasil som har ein større delegasjon enn fossilselskapa, rapporterte Kick Big Polluters Out førre veke. Equinor og andre oljegigantar som ExxonMobil, BP og TotalEnergies jobbar på spreng for å verne profitten sin frå fossil utfasing.
Det gjer dei blant anna gjennom å fremme usikker og mislykka karbonfangst og -lagringsteknologi (CCS) som klimaløysing, i staden for ei omstilling vekk frå olje og gass. På årets klimatoppmøte har også CCS-industrien sett ny lobbyrekord med sine 531 lobbyistar.
Sju lobbyistar frå Equinor deltar med norsk akkreditering. Med den norske regjeringa i ryggen, sel dei ei verkelegheitsfjern forteljing om at det er teknologioptimisme, og ikkje fossil utfasing, som skal redde klimamåla.
Kvifor CCS er eit problem
Sjølv om det kan framstå som ein ukontroversiell «quick fix», er karbonfangst og -lagring skadeleg for både klimapolitikk, menneske og natur. Førestillinga om at CCS gjer oljeindustrien grøn, skyver den nødvendige omstillinga vekk frå fossil energi lenger fram i tid. Det er knytt for stor teknologisk optimisme til CCS og dei teknologiske utfordringane blir undervurderte.
For det første er det snakk om enorme kostnadar, med lite effekt. FNs klimapanel har rangert karbonfangst som det dyraste og minst effektive tiltaket for å nå klimamåla innan 2030.
For det andre er det knytt ein altfor stor og urealistisk teknologisk optimisme til CCS. I praksis har 88 prosent av CCS-prosjekt mislykka, og ikkje ført til utsleppskutta som industrien lovar.
Prosjekta kan ikkje kutte i nærleiken av nok utslepp til å bidra til å nå klimamåla i tide, men brukast likevel som ei legitimering av vidare fossilproduksjon.
Karbonlagring vil òg kunne krevje ytterlegare naturinngrep og fare for karbonlekkasjar som kan true sårbare marine økosystem. Ein rapport frå Center for International Environmental Law (CIEL) peikar på potensielle konsekvensar som forureining av grunnvatn og jordskjelv.
Løysinga: fas ut olje og gass
Heldigvis finst det eit alternativ som kan gi tilstrekkelege utsleppskutt, utan nye truslar mot menneske og miljø. COP30 må ta problemet ved rota og forplikte seg til å fase ut olje og gass, slik verdas land vart samde om på klimatoppmøtet i 2023.
Akkurat no får ei slik utfasing momentum. Over 80 land støttar initiativ for å lage eit vegkart for korleis verda kan omstille seg bort frå fossilt brensel. Noreg var nølande til initiativa i starten, men har no uttrykt sin støtte. Dei meiner likevel at Noreg allereie arbeider aktivt for dette frå før, og peikar på bruk av klimakvotar og nasjonal energiomstilling. Altså prøver dei å fråskrive seg ansvaret for å fase ut produksjonen av olje og gass.
Noreg og resten av det globale nord må ta sitt historiske ansvar for klimakrisa på COP30. Dei må forplikte seg til ein rettferdig utfasingsplan for olje og gass, dersom vi skal halde 1,5-gradersmålet i live. Vi har ikkje tid til fleire falske løysingar.






