Politikk og samfunn

«Regjeringa sitt korstog mot folkehøgskulen»

Regjeringa meiner dei skal gjere utdanning rettferdig for alle, men dei ser ikkje at dei held seg sjølve for narr, skriv Oscar Eliassen Fink.

Oscar Eliassen Fink (21)
Tidlegare folkehøgskuleelev
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

200 millionar i innsparing. 6000 unge blir råka.

Regjeringa kallar det rettferd. I røynda er det eit korstog mot ein av dei få arenaene som faktisk gir ungdom meistring, fellesskap og retning i livet. Dette er ikkje rettferd.

Dette er politikk på kostnad av unge.

Kuttar i stipendet

Arbeidarpartiet er ute på kuttestien igjen, med sitt korstog for «rettferd i skulesystemet». I årets statsbudsjett foreslår dei å kutte stipendet for folkehøgskule frå 40 til 15 prosent. Tidlegare har dei fjerna tilleggspoeng, fordi det visstnok skulle gjere høgare utdanning meir «rettferdig». Sanninga er det motsette.

Folkehøgskule er for mange den moglegheita dei har hatt for å kome inn på studiet dei ønskjer, eller ta seg eit viktig friår.

Fleire folkehøgskular står alt i fare for å måtte leggje ned på grunn av låge elevtal, trass i at rundt 10 prosent av kvart årskull startar der. Det tilsvarar rundt 6000 elevar i skuleåret 2025/2026. Stipendet og lånet deira vil koste 900 millionar kroner i året, men med 40 prosent stipend får staten framleis minst 500 millionar tilbake gjennom lån. Dersom stipendet blir kutta til 15 prosent, er skilnaden berre rundt 200 millionar.

Stor samfunnsgevinst

Om vi ser for oss at berre ein liten del av desse elevane gjennom folkehøgskulen finn ein veg vidare i staden for å falle utanfor arbeidslivet, vil samfunnsgevinsten over tid vere stor. Livsløpskostnaden for ein person på uføretrygd er rekna til rundt 14 millionar kroner. Då er hundre personar skilnaden mellom å spare og tape milliardar.

Over ein 40-årsperiode representerer denne unngåtte kostnaden eit tap av verdiskaping som er nok til å doble budsjettet til fleire helseføretak, i tillegg til å kutte kraftig ned på ventetidene.

Oscar Eliassen Fink har sjølv gått på folkehøgskule, og synest det var ei verdifull oppleving. | Foto: Privat

Dei 14 millionane som er rekna per ufør er mykje lågare enn realiteten når vi ser på kva desse 100 kunne tent inn og betalt i skatt.

Held seg sjølve for narr

Regjeringa meiner dei skal gjere utdanning rettferdig for alle, men dei ser ikkje at dei held seg sjølve for narr.

Dei har sagt at dei vil støtte folket og gjere det billegare, men i samanheng med NOU 2022 – Ein folkehøgskule for alle – ser vi det motsette.

Denne reduksjonen vil føre til at berre dei rikaste vil kunne dra på folkehøgskule, medan dei som står dårlegast økonomisk stilt – og kanskje dei som treng hjelp til å kome seg ut frå guterommet eller jenterommet – ikkje får den moglegheita.

Fleire skular i Noreg tilbyr såkalla bu-linjer, der elevane får nettopp det: ein trygg og roleg start på vaksenlivet. Dei får arbeidserfaring, matlaging og generell hjelp til å finne ein rutine, i staden for å berre bli kasta ut i hybellivet, der ein møter lite samarbeidsvillige hybelkameratar eller venninner, folk som ikkje vaskar opp og kanskje slit med å ta vare på seg sjølv.

Ei ubeskriveleg moglegheit

Eg kom nettopp ut av to fantastiske og ubeskrivelege år ved Skogn Folkehøgskule, der eitt av åra var som stipendiat. Den moglegheita ein får som både elev og stipendiat til å sjå utviklinga til elevane frå første skuledag til siste er heilt ubeskriveleg. Og om Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg hadde teke seg ein tur på siste skuledag ved ein folkehøgskule, hadde dei sett med eigne auge kor viktig folkehøgskulen er for Noreg og ungdommen.

Eg, som autist med ADHD, kom til Skogn i august 2023 utan å kjenne ei sjel.

Etter eitt år hadde eg ein romkamerat som har blitt ein livslang ven, ei venninne eg kunne dele særinteressene mine med på same nivå, og ein fantastisk stipendiatgjeng som verkeleg forstod kor mykje eit år på folkehøgskule kan bety. Nokre veit kva dei vil rett etter vidaregåande, andre etter eitt år på folkehøgskule, og nokre – inkludert meg sjølv – etter eit andre år på folkehøgskule.

Men nei då, vi treng jo ikkje ungdom som veit kva dei vil og er motiverte for studielivet. Eller gjer vi kanskje det?