Brasil opnar for oljeboring i Amazonas: – Står til stryk
Berre veker før klimatoppmøtet i Brasil har presidenten opna for oljeboring i munninga til Amazonas. Det reagerer Regnskogfondet sterkt på.

– Dette er elendige nyheiter for regnskogen, seier Anders Haug Larsen på telefon til Framtida.no.
Han er direktør for internasjonal påverking i Regnskogfondet.
– Å opne for oljeleiting i ein så verdifull ressurs som regnskogen er det siste verda treng, og ein veldig dårleg start for årets klimakonferanse i Brasil.
FNs klimakonferanse, også kalla COP30, skal i år vere i Belém i Brasil.
Belém ligg i munninga av Amazonasvassdraget, ikkje langt frå områda der dei no ønskjer å bore etter olje.
– Tidlegare har ein håpa at klimakonferansen kan gjere at ein får fortgang i ei positiv klimautvikling, men å opne for oljeleiting er det motsette av dette, seier Haug Larsen.
Seier dei gjer det for å finansiere klimatiltak
Presidenten i Brasil, Luiz Inácio Lula da Silva, har sagt at oljeleitinga skal brukast til å finansiere ein overgang til eit klimavennleg Brasil.
Det er Haug Larsen skeptisk til.
– Det er stor semje om at det vi treng no er ein rask overgang frå fossile brensel til miljøvennlege alternativ. Då er ikkje løysinga å investere i mange tiår med oljeproduksjon.
Tidlegare i år sa Raoni Metuktire til Reuters at han er mot oljeleitinga, og at den kan vere skadeleg for lokalbefolkninga i regnskogen.
Metuktire er leiaren til Kayapo-folket i Amazonas.
– Eg sa personleg til president Lula at eg er imot prosjektet, og eg aksepterer ikkje denne olja i Amazonas, sa Metuktire den gongen.
Berre for ein månad sidan gav Brasil ein milliard dollar til eit fond for bevaring av regnskogen.
Da Silva har kjempa mot ulovleg avskoging, som hadde ein enorm auke under forgjengaren Bolsonaro.
Må sjå heile biletet
Dei siste åra har dei òg oppnådd 80 prosent elektrifisering i landet, og Brasil ligg seks år framfor måla dei har sett for bruk av vind- og solenergi.
Likevel meiner Haug Larsen i Regnskogfondet at ein må sjå heile biletet.
– Vi treng alle klutar til for å ta vare på regnskogen. Ja, alle monner drar, og kvart løft er viktig. Men det er ikkje anten eller. Vi treng både meir pengar og modige politikarar som tør å seie nei til oljeboring.
– Ikkje minst i så sårbare område som regnskogen. Så her står da Silva til stryk, avsluttar Haug Larsen.