Ungdomsråda vil bli høyrde om russetida
Representantar frå fylkesungdomsråda etterlyser at ungdomsråda får kome med innspel om endringar som påverkar russetida.

– Det beste hadde vore om dei kom med eit forslag om korleis ein heilskapleg kan flytte og endre på russetida, og så at vi som ungdomsråd fekk kome med innspel i ei høyring, sånn som det er med alle andre ting som angår ungdom.
Det seier Kristine Slettom (20), som er leiar av ungdomsrådet i Vestfold. Saman med representantar for dei andre fylkeskommunale ungdomsråda, var ho på samling i Oslo på starten av sommaren. Der løfta ho problemstillinga rundt endringar i russetida.
– Avgjerdene rundt russetida er tatt utan at det nødvendigvis er noko ungdomsmedverknad, seier Slettom, som var russ i fjor.
Ho poengterer at dei har rett til å uttale seg når det gjeld ungdom.
Flyttar eksamen
Ungdomsrådsleiarane Framtida.no snakkar med opplever at dei har fått kome med innspel for seint, og at innspela deira ikkje blir lytta til.
Frå og med 2026 har regjeringa bestemt å flytte eksamen, slik at fleire eksamenar hamnar tidleg i den tradisjonelle russetidsperioden i mai.
Eksamensstart blir lagd åtte dagar tidlegare enn i år, og perioden varar frå 4. til 21. mai.
– Målet er at dette vil bidra til at mai handlar meir om eksamen og læring, og mindre om russefeiring, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Stressa russ
Sander Hagesveen (18) i ungdomsrådet i Akershus var russ i vår og opplevde korleis det var å ha eksamen før 17. mai.
– Nokon hadde jo eksamen 14., 15., og 16. mai. Ein blir skikkeleg stressa. Eg drog ikkje så mykje ut og festa, men berre det skulerelaterte pluss å vere ute eit par netter, gjorde at eg av og til følte meg kvalm fordi eg var så stressa, fortel han.

Sander Hagesveen var stressa over å måtte kombinere eksamen og russetid. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Også han reagerer på at ungdomsråda ikkje har blitt høyrde om endringane i samband med russetid. Hagesveen opplever å bli lytta til regionalt, men etterlyser å bli tatt meir med i nasjonale avgjerder som angår russetida.
– At dei faktisk kjem til oss, vi som skal representere ungdommen, og spør om vi har innspel og viser at det blir tatt med. Det er noko vi ofte kjenner på.
Nyleg har regjeringa òg forbode sidestilte sete og ståplassar i russebussar. Telemark fylkeskommune forbyr russeklede og klistremerke som viser namn på russegrupper i skuletida.
Russetreff før eksamen
Ungdomsrådsleiarane Framtida.no snakkar med reagerer på at eksamen og russetida blir flytta på, utan at russeaktørane følgjer etter.
Sunniva Lunde Randeberg (18) er nestleiar for ungdomsrådet i Rogaland og skal vere russ neste år. Landstreff Stavanger i Kongeparken (LS) er det store russearrangementet i området, og kick off for russetida. Det går av stabelen første helga i mai, og har ikkje blitt flytta til etter eksamen, sjølv om eksamensstart er 4. mai.
Randeberg seier det er bussane som styrer russetida, og at dei ikkje bryr seg om kva politikarane seier. Den lokale russen har i etterkant av intervjuet med ungdomsråda bestemt seg for å starte russetida etter siste skriftlege eksamen, slik at ho varar frå 14. mai til 14. juni. Men Randeberg meiner det i praksis blir ei lengre russetid enn tidlegare når landstreffet startar første helga i mai.
– Det er enda ein sjanse for at vi her i Rogaland byrjar noko etter landstreffet, ettersom vi då har fått ein naturleg og nesten forventa start på russetida frå 1. mai når LS byrjar, oppdaterer ho i ein sms til Framtida.no.
Også russen i Stor-Oslo og i Bergen har bestemt seg for å starte russetida 15. mai.
Landstreff Fredriksten i Halden er flytta til etter eksamen, og vil no vere frå 22. til 24. mai. Randeberg ser ikkje for seg at det er realistisk at landstreffet i Stavanger blir flytta dei nærmaste åra.
Flytta i Tromsø
I Tromsø har dei allereie erfaring med flytta russetid. Sebastian Sæbø Norman (17) frå fylkesungdomsrådet i Troms fortel at russetida i 2021 vart flytta på grunn av korona, og at dette vart vidareført. Han trur betre vêr i juni er hovudgrunnen til det.
– I Tromsø by er folk nøgde med det. Rundt om i regionen og dei andre byane er det framleis mai som er russetida, fordi det er det det alltid har vore, som i resten av landet. Der varierer det veldig kor samarbeidsvillige russen er på å flytte.
Norman kjem frå Bardufoss, men bur i Tromsø. Han skal vere russ neste år, i juni.
– Eg, som eigentleg ikkje føler på noko sterkt krav om at alt må vere veldig tradisjonsbasert, tenker at det er heilt greitt. Det er ganske mykje finare vêr, i staden for snø på bakken og minusgrader.
Han seier det lokalt i Troms har vore innspelsrundar med russepresidentane.
Aldri vore perfekt
Det viktigaste ungdomsrådsnettverket er samde om, er at når ein først skal gjere noko med russetida, må dei få støtte av politikarar regionalt for å få til gode arrangement som gjeld for alle og at russen tar ansvar for at det er meir inkluderande.
– Russetida har jo aldri vore perfekt lagt opp til skule, men når ein først prøver å gjere ei endring som skal gjere det enklare å både fullføre skulen og vere russ, så må det samsvare med at det skal vere enklare å vere elev, seier Slettom frå Vestfold.
Fylkesrådsnettverket ønsker at russeaktørane også stiller opp og tar ansvar.
– Kunne politikarane stilt krav til desse private aktørane?
– Eg håper jo det! Austlandsfylka er nøgde med endringane gitt at det blir heilskapleg. Det største vi sit att med er russeaktørane, svarar Slettom.
Skal handle om eksamen og læring
– Kunnskapsministeren er oppteken av at siste del av skuletida skal handle meir om eksamen og læring, og at feiringa kjem etter eksamensperioden er over, skriv statssekretær i Kunnskapsdepartementet Øyvind Jacobsen (Ap) i ein e-post til Framtida.no via kommunikasjonsavdelinga.
Han understrekar at russefeiringa i utgangspunktet er ei privat feiring, og tidspunktet for feiringa er opp til russen sjølv å avgjere.
– Vi ser no at russen mange stader har valt å legge feiringa til etter skriftleg eksamen, slik til dømes russen i Tromsø har gjort i fleire år.
Framtida.no har lagt fram kritikken frå ungdomsråda til Kunnskapsdepartementet, og har spurt i kva grad det har vore ungdomsmedverknad i samband med endringane som påverkar russetida. Framtida.no har òg stilt spørsmål om regjeringa vil stille fleire krav til russeaktørane.
– Kunnskapsministeren har hatt møte med representantar for russen og foreldra, fylkeskommunane og kommersielle aktørar innanfor russearrangement og russeutstyr om saka, men avgjerda om når feiringa går føre seg, blir ikkje teken nasjonalt. Gjennom prosjektet til fylkeskommunane Endret avgangsmarkering 2026 har fylkeskommunane og andre aktørar sett i gang fleire tiltak og samarbeider for å endre avgangsmarkeringa, svarar Jacobsen.