Legg ned vidaregåande skular i Innlandet: – Vi blir behandla som filledokker

Fylkestinget i Innlandet har bestemt seg for å leggje ned seks vidaregåande skulestader.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg føler at vi blir behandla som filledokker, som kan bli flytta kvar som helst, og det er ikkje sånn vi skal ha det.

Det seier Fabiola Ledo, fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Innlandet, på telefon til Framtida.no etter fylkestinget i Innlandet vedtok å leggje ned seks vidaregåande skulestader frå neste skuleår.

Vedtaket betyr at mange elevar frå neste år får fleire timar med reiseveg, eller må flytte på hybel.

Fabiola Leda (18) er fylkesleiar i Elevorganisasjonen Innlandet. | Foto: Elevorganisasjonen

Skulestader som blir lagt ned

  • Dokka videregående skole (223 elevar)
  • Skarnes videregående skole (186 elevar)
  • Solør videregående skole, avdeling Flisa (117 elevar)
  • Skulestaden Sønsterud flyttast til Solør videregående skole, avdeling Våler (49 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom (96 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Dombås (32 elevar)

Kjelde: VG

Grunnen til nedlegginga er nedgang i elevtalet. Skulane i Innlandet har i dag ifølgje fylkeskommunen kapasitet til 13 600 elevar. I år går det til saman 11 532 elevar på vidaregåande i fylket, og Statistisk sentralbyrå (SSB) spår at det vil vere 3000 færre elevar i 2038.

Vedtaket kan i løpet av dei neste ti åra spare inn 800 millionar kroner.

Det kuttet er ifølgje fylkeskommunen naudsynt når det blir færre elevar og mindre tilskot frå staten til å drive skule.

– Regionvis kraftsamling

– Vi meiner regionvis kraftsamling er rett veg for å demme opp for den ekstreme elevnedgangen vi har hatt i alle regionar i mange år; ein elevtalsnedgang som vi veit vil fortsette framover!

Det skreiv fylkesvaraordførar for Innlandet Hanne Alstrup Velure (H) til Framtida på e-post før vedtaket var endeleg.

– Det er ikkje hensiktmessig å legge ned sentrumsnære skular for å bevare dei perifere. Dette vil føre til endå fleire som må reise langt og endå fleire på hybel. Det kan då ikkje vere nokon som meiner det er god samfunnsøkonomi.

Ikkje elevens beste

Ledo sat saman med vidaregåandeelevar frå Lom då vedtaket vart gjort. Ho fortel at det var ei emosjonell stemning i rommet.

– Det var ei drastisk endring. Alle følgde godt med og det var heilt stille då møtet starta. Det endra seg med ein gong vedtaket vart gjort. Veldig mange byrja å gråte. Det er ikkje vanleg å føle seg sånn som elev.

Ho fortel at mange no er fortvila over å måtte flytte før dei er klare for det.

– Vi meiner dette valet ikkje var til elevanes beste. Skulen er jo for meir enn det å lære, det er ein stad der du får venar og formar framtida di.

Ikkje ein saueflokk

Ledo seier at Elevorganisasjonen skal gjere det dei kan for å kjempe vidare.

– Vi skal følgje opp dei skulane det gjeld så godt vi kan, og vi skal gjere dette til ei større sak.

Ho meiner politikarane ikkje har høyrd skikkeleg på elevane det gjeld.

– Elevar er ikkje ein saueflokk du kan flytte dit du vil, vi er ungdommar, og vi er framtida til dette fylket.