No kan du få Ruter på nynorsk
Tidlegare har appen berre vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk.

I dag er det nynorskdagen og 140 år sidan bokmål og nynorsk vart likestilte språk i Noreg. I det høvet kan ein no bruke Ruter-appen på nynorsk.
– For mange er nynorsk meir enn eit språk – det er ein bit av heimstaden du ber med deg, same kvar du er i verda, seier Bernt Reitan Jenssen, administrerande direktør i Ruter, i ei pressemelding.
Tidlegare har appen berre vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk.
– Når vi no tilbyr appen vår på nynorsk, ønskjer vi å gi alle brukarane høve til å reise med språket som kjennest som heime, seier Jenssen.
Nynorskdagen blir markert kvart år 12. mai i samband med at Stortinget på denne dagen i 1885 vedtok at også nynorsk skulle få status som offisielt skriftspråk i Noreg, og det vart jamstilt med bokmål.