No kan du «vippse» på nynorsk

Mållaget og Vipps har ein gladnyheit til nynorskbrukarar. Vipps kjem endeleg på nynorsk.

Oda Sundgot
Publisert

På nynorskdagen i år får nynorskbrukarar ei gåve frå Vipps. Dei har samarbeidd med Noregs Mållag for å lage ein nynorsk-versjon av betalingsappen.

Denne meldinga låg i Vipps-appen søndag morgon. Skjermdump

– Vi er glade for at Vipps no tek nynorsk under vengjene og gjer sitt for jamstillinga mellom dei to skriftspråka. No håpar vi alle går inn på Vipps og vel nynorsk som språk, skriv leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.

Jobba tett

Vipps er ein av dei mest brukte appane i Noreg. Tidlegare har dei berre hatt bokmål i appen.

Mållaget har vore aktivt med i arbeidet med å lage nynorskversjonen.

– Gode krefter i Vipps tok kontakt og sa at no er alt klart for at appen kan kome på nynorsk. Då heiv Mållaget seg rundt og omsette tekstmaterialet til nynorsk, seier Hauge.

Eit slag for jamstilling

Dette skjer på dagen Noregs Mållag feirar at det er 139 år sidan nynorsk og bokmål blei likestilte språk.

– Dette er ein ekte festdag! At ein no kan bruke Vipps på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange, seier mållagsleiaren.

Slik ser skildringa i Appstore ut på nynorskdagen 12. mai.

For å endre språket på Vipps til nynorsk må ein gå inn på innstillingane i appen og finne språkinnstillingane.

– Og vips er Vipps på nynorsk, seier Hauge.