No får du BankID på nynorsk
BankID feirar nynorskversjonen med å senda ut nynorske kodeord til alle brukarane.
BankID har vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk i 20 år. No kan du endeleg velja nynorsk.
For å få nynorsk BankID må du gå inn på innstillingane på telefonen eller PC-en og setja språket til nynorsk.
Feirar med nynorsk
For å feira at BankID er tilgjengeleg på nynorsk, vil heile Noreg få kodeorda på nynorsk i BankID-appen ein periode framover.
– Eg håpar alle er nøgde med omsetjinga og kjenner at innlogginga no vert nærare og meir hyggeleg for alle oss som elskar denne målforma vi er fødde inn i, seier Ida Håvik, leiar for marknad og kommunikasjon, i ei pressemelding frå BankID BankAxept.
Ifølgje Språklova skal bokmål og nynorsk vera likeverdige og jamstilte skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet.
– Det er viktig at brukarane no kan velja det skriftspråket dei ønskjer i ei så viktig teneste som BankID, seier Nina Olsen Munthe, avdelingsleiar for fellesløysingar i Digitaliseringsdirektoratet, i pressemeldinga.
● Les også: Johanna (27) lagar Duostories på nynorsk
Språkrådet er nøgd
Også Språkrådet er nøgd:
– BankID er ei sentral og synleg teneste i den moderne kvardagen. Tenesta er mykje brukt av innbyggarane, og difor er det viktig og gledeleg at vi får ho på nynorsk, seier Margrete Kvarenes, avdelingsdirektør i Språkrådet, i pressemeldinga.