Marcus Thalberg Fagerheim (26) er utdanna herreskreddar. Han drøymer om å ein dag drive si eiga skreddarverksemd.
– Eg ønsker å ha ein nesten heilt eigensydd garderobe, med godt samvit om at han er miljøvenleg og varar i lang tid, seier Marcus Thalberg Fagerheim.
Framtida.no møter han heime i leilegheita i Lillestrøm. Opphaldsrommet er delt i tre: Ei sofagruppe med TV, eit kjøkenhjørne, og eit arbeidsbord med sysaker. Når Fagerheim kjem heim frå jobb på Lillestrøm sysenter, går mykje av tida til å jobbe med nettopp hans eigen garderobe.
Han går kledd i heimesydde dressar til dagleg, men det stoppar ikkje der. Han syr bukser, frakkar, og har sydd sin eigen bunad.
Se dette innlegget på Instagram
Klesentusiasten har ein særleg kjærleik for herremote frå 1920-, 30- og 40-talet, og finn mykje inspirasjon i film og TV: Downton Abbey, Peaky Blinders og andre periodedrama.
Inspirert av Doctor Who
Det var nettopp med TV-interessa det heile starta. Fagerheim sat og såg på sci-fi-serien Doctor Who, men i staden for å studere dei ulike romvesena og robotane Doktoren måtte bryne seg på, var det kleda han fekk auge for. Særleg ein viktoriansk frakk Doktoren bar, fanga interessa hans.
Interessa for å kle seg ut som fiksjonelle karakterar, såkalla cosplay, vaks. Også karakteren Link frå The Legend of Zelda-universet var ein kjekk karakter å kle seg ut som. Då galdt det å lage kostyme i «tidsrette» stoff som lin.
Fagerheim var ikkje så oppteken av gå inn i ei rolle, men var veldig glad i å etterlikne kostyma. Eitt år vann han pris for beste handverk under stemnet Torucon.
Derfrå var det ingen veg tilbake.
CV
- VG1 Medier og kommunikasjon
- Cosplay-line på Oslofjord Folkehøgskule
- VG1 Design og handverk
- VG2 Design og tekstil
- Svennebrev i kjole- og draktsøm
- Vikar på Trøndelag Teater
- Herreskreddarlærling ved Det Norske Teatret
- Butikkmedarbeidar på Lillestrøm Sysenter
Frå symaskin til scena
Fagerheim tok utdanning og fekk seg etter kvart læreplass som herreskreddar på Det Norske Teatret i Oslo. Der var han mellom anna med på å lage kostyme til førestillinga Frost.
– Det er kjempegøy og veldig givande å sjå det du lagar bli brukt på scena. Eg kunne ta med meg vener og kjende og peike på scena og seie «dette har eg laga». Det var ei stoltheit i det, seier skreddaren.
Dessutan er ingenting hyggelegare enn å sitte i ei systove i lag med folk som kjenner faget, møte designarane og sjå skodespelarane prøve kostyma, seier han.
Vil ikkje berre reparere jeans
Det er ikkje mange yrkesaktive herreskreddarar i Noreg. Å kjøpe ein skreddarsydd, handlaga dress kostar gjerne nokre titals tusen kroner. Mange som jobbar med faget, arbeider anten med å lage bunadar, eller nettopp teaterkostyme.
– Stort sett har ein skreddar vorte ein som reparerer klede, ikkje ein som syr. Men eg håpar vi kan bygge opp igjen det tradisjonelle handverket, ikkje berre reparere jeans, seier Fagerheim.
Etter læretida fekk herreskreddaren seg jobb på Lillestrøm Sysenter, som sel tekstilar og sømprodukt.
Han får ikkje utnytta skreddarevnene sine i jobben, men han brukar mange timar til syarbeid når han kjem heim.
– Det er stort sett det det går i på fritida. Men å sy for hand er litt som strikking, eg kan sjå på TV samstundes. Det er ikkje like intensivt som med maskin. Det er veldig behageleg arbeid å gjere.
Drøymer stort
Den store draumen er å drive ei eiga skreddarverksemd, eit lokale som har eit svart skilt hengande over døra, der namnet hans står skrive i gullskrift. Der kjem kunden inn og bestiller seg ein skreddarsydd dress. Han har eit stort arbeidslokale, tilsette og lærlingar, og gjerne også ein partnar som har peiling på damesøm.
– Eg har ein romantisk draum om å drive handverket vidare. Som ein av få som har teke herreskreddar-faget i Noreg, føler eg på ansvaret for å lære faget vidare. Då treng eg rammene for å gjere det, seier han.
Fagerheim viser til at handverket er del av den norske historia.
– Noreg vart bygt på handverk. Vi som menneske er drivne av å skape, og har alltid skapt med hendene. Då er det viktig å vareta dei yrka som brukar hendene. Det er mykje ei maskin ikkje kan gjere endå, og forhåpentlegvis aldri vil kunne gjere, seier han.
Større interesse
Fagerheim merkar seg at det er ei veksande interesse i dagens samfunn for å lage og sy om eigne klede. Men han understrekar at det for det meste skjer på eit nybyrjarnivå.
Prosjekta som til dømes verksemda Fæbrik promoterer, er laga for å vere enklast mogleg å gjere sjølv, heime.
– Forhåpentlegvis vil dette også auke fleire si interesse for å gå vidare inn i faget, seier han.
Han fortel at det er få arbeidsplassar for utdanna skreddarar i dag. Det tryggaste er innanfor bunad eller på teater. Det er ein del som startar på utdanninga i vidaregåande skule, men mange finn inga bedrift å jobbe for.
– Eg håpar ein kan etablere fleire nye bedrifter der folk kan jobbe. Det er nokre fleire systover for damemote, med brudekjolar og anna design. Men det kan òg vere tøffe arbeidsplassar, seier han.
26-åringen saknar også yngre kollegaer. Det er ikkje til å legge skjul på at snittalderen i faget er høg.
Etterlyser kvalitet
I ei verd der fast fashion-gigantane er miljøverstingar og folk kastar klede med merkelappane på, meiner han det er nokre tips som kan hjelpe oss med å få meir ut av, og sette større pris på kleda ein brukar.
For det første viser han til at gode råvarer er meir berekraftige og har lengre levetid. Til dømes ull og bomull.
– Ingenting er betre enn naturfiber. Kleda luktar ikkje like mykje, du kan ofte berre henge dei opp til lufting. Det gjer at du må vaske dei mindre, og kleda vert ikkje brotne ned i vask.
Han er også glad i å handle brukt og vintage, for deretter å tilpasse kleda til eigen kropp. Det er ofte små steg ein kan gjere for å få kleda slik ein vil ha dei. Etter kvart får ein ei betre kjensle for korleis ein syr om eit plagg. Han oppmodar om å finne ein estetikk ein er glad i, gjerne frå eit spesielt tiår, og vere mindre oppteken av dagens motebilete som stadig er i endring.
Fagerheim understrekar også tydinga av å finne rett passform. Forskjellige klede sit ulikt på ulike kroppar.
– Finn ein stil som passar din kroppsform og smak. Det er mykje gøy å finne i historisk og tradisjonell mote. Alt har blitt gjort før, du treng ikkje finne opp hjulet på nytt.