Over 600 deltakarar sette verdsrekord i samsying under den store syfestivalen Fæbrikstad i Vikingskipet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 18.03.2024 09:03

– Eg har sydd sidan april, så eg er ganske fersk i «gamet». Difor var det ekstra gøy å kome hit og møte andre og få hjelp.

Saman med fleire hundre andre syarar, sit Johanne Sofie Nordgård (23) konsentrert framføre ei symaskin i Vikingskipet på Hamar. Det er søndag føremiddag, og plagget ho har jobba med i helga, byrjar å ta form.

Nordgård har drøymt om å lære å sy lenge, og har følgt med på syarane i Fæbrik. Men, ho har mangla noko vesentleg, nemleg ei symaskin. I april fekk ho låne, og etter kvart kjøpe ei maskin av ei venninne.

 No prøver eg å sy den same frakken som alle her skal sy, men eg lagar ein kort versjon, og så syr eg den av ei gamal gardin som eg har funne på ein gjenbruksbutikk, fortel ho. 

Johanne Sofie Nordgård har nyleg byrja å sy. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Berekraft

Gjenbruk og berekraft er eit overordna tema på sy- og handverksmessa som sykollektivet Fæbrik arrangerer i Vikingskipet 2.-3. september. Hallen er kjent for å huse Noregs største datatreff, men no er PC-ar og tastatur bytt ut med symaskiner, nåler, tråd og stoff i alle moglege fargar.

Saman syr over 600 deltakarar sine versjonar av ein frakk med mønster frå Fæbrik.

Berekraft er viktig for syentusiasten frå Tretten i Gudbrandsdalen, og har blitt enda viktigare med syinga.

 Etter at eg byrja å sy, så har eg skjønt kor mykje det faktisk tar for å lage eit plagg og byrja å tenke litt meir gjennom vala mine når eg kjøper klede. Eg går heller på bruktbutikk enn H&M for eksempel, seier Johanne Sofie Nordgård.

Johanne Sofie Nordgård syr på frakken sin. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Frå pledd til frakk

På eit bord litt lenger borte i syområdet, sit Sondre Engelund (23) og syr fôr i frakken sin, medan Fæbrik-profilane Jenny Skavlan, Mari Nordén, Ingrid Bergtun og Ingrid Vik Lysne forklarar framgangsmåten frå scena. Også han er oppteken av kva materiale han syr i.

Eg har funne eit teppe på Finn som eg synest er veldig kult. Men det var litt lite stoff, så eg har måtta skøyte på med litt stoff frå Stoff og stil. Det er eit brukt pledd i ull og polyesterblend, og så er det ullstoff som er hundre prosent ull.

Om han syr i polyester eller plastmateriale, vil han at det skal vere brukt, og elles kjøper han berre naturmateriale.

Engelund byrja å sy mot slutten av koronapandemien. Han prøvde seg først fram med å sy stoltrekk, og vart etter kvart inspirert av Fæbrik sine syprosjekt.

– Dei tok det litt vekk frå assosiasjonen med bestemorgenerasjonen. Særleg då dei tok det inn i berekraftsperspektivet blei det veldig aktuelt. 

Sondre Engelund syr frakk av eit ullpledd han har funne på Finn.no. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Få menn

23-åringen frå Oslo har inntrykk av at det er meir populært å sy no enn tidlegare.

– Eg veit ikkje om det er fordi folk byrjar å bli vaksne – strikking og sånn er jo meir vanleg med ein gong ein byrjar å bli litt eldre enn ungdomsskule- og vidaregåandealder – men eg trur det er meir trendy enn det var. Når ein snakkar med folk som berre er litt eldre, så det er veldig få som byrja å sy i 20-åra. Så eg trur Fæbrik har gjort det meir trendy no. 

Når ein ser ut over syarane i rommet, er det ei klar overvekt av kvinner. Sondre Engelund synest det er kult at det er ein og anna mann innimellom, men har ikkje inntrykk av at det har blitt meir populært å sy blant menn.

– Sying er ein aleienaktivitet, så eg har aldri følt på at eg er aleine som mann i symiljøet, men eg merkar ikkje så mykje til mennene. 

Rørt og takknemleg

Fæbrik består av sypåverkarane Jenny Skavlan, Mari Nordén, Ingrid Vik Lysne og Ingrid Bergtun og starta opp i 2020. Dei produserer og sel sy-mønster, har gitt ut sybok og legg ut videoar på Instagram som viser korleis ei kan sy alt frå kjolar til bukser og vesker. No har dei teke prosjektet eit steg vidare med sy-festivalen.

– Det har vore heilt uverkeleg. Eg trur eg er ei Ingrid før og ei Ingrid etter Fæbrikstad, fortel Ingrid Vik Lysne på e-post til Framtida.no etter at syhelga er over.

– Eg vil aldri bli den same igjen. Rørt, stolt og takknemleg, legg ho til.

Ingrid Bergtun blir rørt når ho høyrer at Johanne Sofie Nordgård og Sondre Engelund har blitt inspirert av dei til å sy og tenke berekraft.

– Det er det fellesskapet vi drøymer om å oppnå ved Fæbrik. Det at fleire lærer seg teknikkar til å redde plagg eller skape sjølv synest vi er så vakkert.

Frå scena forklarar Fæbrik-damene kva syarane skal gjere. Jenny Skavan er imponert over dei unge som var med. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Verdsrekord

Ikkje berre har helga resultert i fleire hundre nye frakkar. Sygjengen har òg fått plass i Guinness rekordbok. Med 617 syarar, har dei no verdsrekorden i flest menneske som syr samstundes.

I tillegg til syworkshoppen, kunne arrangementet freiste med alt frå føredrag om mote av motehistorikar Ragnhild Brochmann, debatt om klesindustrien, heklekurs, strikkekurs, vintageskattar og massevis av garn. I løpet av helga var det 6120 besøkande.

– Kjem de til å arrangere Fæbrikstad igjen? 

– Det vil tida vise. Hjarta våre vil det, svarar Mari Nordén.

Les meir om Fæbrik her!

Det var mange syarar Vikingskipet i helga. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Alle aldrar

Imellom alle dei vaksne syarane, er det òg nokre yngre deltakarar framføre symaskinene.

11 år gamle Silje Sjo-Nilsen frå Heggedal i Asker var blant dei yngste som sydde seg jakke. Likevel har ho lengre erfaring enn mange andre.

– Eg trur eg sydde den første kjolen då eg var tre år, fortel ho, og legg til at ho fekk litt hjelp av mamma då.

No syr ho ei lang, oransje kåpe, aleine.

Jente viser fram ei oransje kåpe som nesten er ferdig.

Silje Sjo-Nilsen har kome langt på kåpa si. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Kva er det du likar så godt med å sy?

– Berre at det er gøy! slår ho fast.

Jente sit ved eit bord med symaskin.

Silje Sjo-Nilsen synest det er gøy å sy, og har halde på med det i fleire år. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Kreativ hobby

– Eg likar at eg kan vere kreativ og gjere noko med hendene mine, seier 13 år gamle Leah Aurora Kjellsby Skarderud frå Hamar.

Ho er i gang med å sy seg ei kort jakke utan fôr. 13-åringen har alltid vore kreativ og har halde på med mykje forskjellig. Ho byrja å sy i fjor.

– Eg veit ikkje heilt korleis eg fann på det, men eg likar det i alle fall, fortel ho.

Leah Aurora Kjellsby Skarderud viser fram jakka si, som byrjar å ta form. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Tipset hennar til andre som vil starte å sy, er å berre hoppe i det, og å spørje foreldre eller andre om hjelp. Sjølv har ho fått hjelp av mora til å lære det. Tidlegare har ho sydd ein pose som kan snørast saman, men jakka ho syr under Fæbrikstad, er det første klesplagget ho lagar.

– Det er litt vanskeleg, men eg har fått mykje hjelp, så det går bra.

Planen er å bruke jakka sjølv, viss ho synest den blir fin.

– Vi er så mektig imponert over dei yngste deltakarane, skriv Jenny Skavlan i Fæbrik til Framtida.no.

Ho fortel at den yngste deltakaren var 9 år gamal.

– Den neste generasjonen er til stor inspirasjon for oss, seier Skavlan.

Leah Aurora Kjellsby Skarderud (13) syr seg jakke. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Har trua

På eit anna bord i hallen, vonar Johanne Sofie Nordgård at ho skal kome i mål med prosjektet sitt før dagen er over.

– Eg har trua på at det skal gå. Og eg har bestilt knappeholstime hos ein profesjonell knappeholslagar her borte, så eg slepp å tenke på det.

Ho synest det har vore heilt fantastisk å delta på arrangementet.

– Eg kom heilt aleine og kjente ingen frå før, og no har eg mange venar på bordet her. Det er veldig lett å bli kjent med folk og alle er så hyggelege. Så det har vore ei heilt fantastisk helg!

Johanne Sofie Nordgård jobbar konsentrert for å få ferdig jakka si. Foto: Birgitte Vågnes Bakken