OD-journalist i Framtida.no
Drøymer du om å prøva deg som journalist for ein dag? Framtida.no søkjer OD-praktikantantar som vil jobba hjå oss i Oslo 30. oktober.

Er du engasjert og flink til å skriva nynorsk, ta bilete, laga video, eller innhald til sosiale medium?
Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge i alderen 15–25 år. I Framtida.no kan du prøva deg som journalist for ein dag under Operasjon Dagsverk 30. oktober 2025.
Både ungdomsskuleelevar og vidaregåandeelevar er velkomne til å søkja.
Det går heilt fint om du ikkje skriv perfekt nynorsk, eller har lite journalistisk erfaring går heilt fint. Det viktigaste er at du har lyst å prøva deg, læra, og synest det er greitt at arbeidet ditt vert publisert under ditt namn. Me gjev god oppfølging og les alltid korrektur på sakene.
Arbeidsoppgåvene vil verta tilpassa di erfaring, interesser, og kva du vil læra meir om.
Døme på arbeidsoppgåver kan vera:
- Skriva eit meiningsinnlegg om noko som engasjerer deg.
- Skriva ei liste med tips til til dømes filmar, seriar, dataspel, bøker, aktivitetar, eller anna du er engasjert i.
- Førebu, gjennomføra og skriva ut eit intervju.
- Laga video eller anna innhald til sosiale medium.
Skriv ein e-post der du inkluderer namn, alder, skule, kva erfaring du har med liknande arbeid, og kva du kan tenkja deg å jobba med på OD-dagen. Send e-posten til redaktør Andrea Rygg Nøttveit på andrea (a) framtida.no.
Send inn søknad så snart som mogleg. Søkjarar vil få svar innan 20. oktober.