Dorthea er skomakar: – Eit ordentleg par sko kan vare i 20–30 år

Dorthea Johansen (33) lagar og reparerer sko og vesker. – Det gir meg mykje glede å få ein idé til å bli ein gjenstand.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Mitt inntrykk er at reparasjon er veldig populært. Kule tenåringar kjem inn i systova for å få reparert ein fotballbag eller nokre skisko som dei er kjempeglade i, heller enn å kjøpe nytt.

Det seier Dorthea Johansen. Framtida.no møter henne på verkstaden hennar på Smestad i Oslo. Der jobbar ho mykje med eigne produkt. Ho lagar sko og vesker i skinn frå botnen av.

Ved sida av jobbar ho òg på reparasjonsverkstaden Repairable.

Opphengd i detaljane

Men ho vart ikkje skomakar over natta.

Johansen har alltid vore interessert i mote. Ho byrja først på moteskule, men innsåg snart at den bransjen ikkje var noko for henne. Likevel var det noko med mote, med kleda, med sjølve konstruksjonen, som pirra henne. Det var detaljane. Saumane.

Ho heldt fram med å studere klesdesign på moteskulen Esmod i Oslo, før ho kjente på trongen til ei akademisk utdanning, og byrja på kunsthistorie på Universitetet i Oslo.

Etter fleire år med søking etter akkurat kva det var ho var interessert i, slo det henne. Ho hadde då alltid sett på skoa som det som fullførte eit antrekk.

Endeleg byrja ho på Plus-skolen i Fredrikstad, som mellom anna tilbyr skomakarutdanning. Der lærte ho å lage sko frå botnen av. Og ho fekk behov for interessa for detaljane. Saumane. Med sko og skinn, måtte ho vere litt hardhendt, noko som passa henne fint.

– Kunst kan nokon gonger berre vere til for å vere vakkert, men ein sko eller ei veske er ubrukeleg om dei ikkje fungerer til bruk. Det er funksjon og estetikk på same tid. Det er som eit instrument. Det skal brukast, men òg vere vakkert, seier ho.

Ikkje eit A4-liv

Helst skulle Johansen gjerne berre ha jobba med å lage eigne vesker. Men ein treng pengar til livets opphald. Etter utdanninga starta ho si eiga verksemd, samstundes som ho fekk seg jobb som reparatør.

– Eg hadde ikkje overlevd utan reparatørjobben, enn så lenge. Eg trur mange som driv med kreative fag for kreativitetens skuld, må ha ein sidejobb.

Som utdanna skomakar er det fleire stader ein kan få seg arbeid, fortel ho. Til dømes kan ein jobbe i teater, i bunadsforretningar eller husflidar, eller i ein skomakarverkstad.

Johansen legg ikkje skjul på at det å velje eit slikt yrke, er å velje ein livsstil.

– Eg blir nok ikkje rik av å vere skomakar. Eg har nok valt vekk ein del av den vanlege, lukrative livsstilen for å halde på med det eg brenn for. Men eg likar å vere på verkstaden kvar dag heile veka. Det gir meg mykje glede å få ein idé til å bli ein gjenstand.

– Å vere handverkar er ein personlegdomstype. Om du er ein handverkartype, kan det vere lurt å dykke inn i det, framfor å presse seg sjølv inn i eit A4-liv. Det trur eg ikkje gjer deg lukkeleg, seier ho.

Har ei rolle

Skomakar er eit gammalt, tradisjonelt yrke. I ei tid der ein kan kjøpe eit par sko for nokre hundrelappar på nett, kan det verke fjernt å bruke tusenvis av kroner på handlaga sko, eller ein reparasjon som kanskje kostar meir enn å kjøpe eit nytt par.

Men Johansen meiner skomakaryrket framleis speler ei viktig rolle i Noreg i dag. På den eine sida for å ta vare på kulturarven. Dessutan viser ho til at det ofte er dårlege kår i utanlandske fabrikkar, sjølv i europeiske land som England eller Italia. Å kjøpe billig kjem gjerne med ein pris.

Samstundes meiner ho yrket har ei viktig rolle i eit berekraftsperspektiv.

Dorthea Johansen meiner dagens forbrukarar burde vere meir opptekne av kvaliteten på varene dei kjøper. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Folk tenker meir på korleis dei handlar og forbrukar. Eit norsk, handlaga produkt med lokalt skinn, er veldig dyrt, men det har ei kundegruppe. Og viss det hjulet vert halde i gang, kan det skape ringverknader, seier ho.

Og ikkje minst trekker ho fram reparasjon. For å motverke bruk og kast av produkt av dårleg kvalitet, bør ein heller kjøpe produkt av høgare kvalitet, og reparere dei, meiner ho.

– Når du kjøper ei t-skjorte på Hennes og Mauritz, ser ho kanskje fresh ut i butikken, men det er berre ei løgn. Etter fire vask er ho blitt dårleg.

Samstundes kan eit par skinnsko vare i 20–30 år dersom dei vert ordentleg restaurerte, seier ho. Men for at fleire skal velje å reparere kleda eller skoa sine som har gått sunde, meiner Johansen at momsen på reparasjon bør fjernast.

Med billigare klede enn for nokre generasjonar sidan, meiner Johansen at dagens forbrukarar er blitt bortskjemde.

– Vi er rusa på å heile tida ha nye ting. Eg trur det er ei avhengigheit. Å investere i gode plagg som du kan reparere, er betre enn å kjøpe mange, dårlege plagg. Ein kan òg finne gode kupp i ein bruktbutikk, slår ho fast.

Meir lokal handel

Johansen meiner at tradisjonelle handverksfag har ein plass i framtidas arbeidsliv.

– Eg håpar at vi trekker oss litt vekk frå det internasjonale og meir tilbake til det lokale. I mitt miljø merkar eg at fleire er interesserte å handle lokalt frå næraste bonde, og frå eigen by. Eg håpar det blir ein aukande trend, og at også influensarane kan promotere lokale produkt.

– Viss det skjer – og det trur eg er naudsynt på grunn av klimakrisa – så trur eg at dette kan vere ganske lukrativt i framtida, seier ho.

Langt liv og gjenbruk

– Vi må bort frå tanken om at ting ikkje kan reparerast.

Det seier Astrid Bjerke, prosjektleiar i Framtiden i våre hender. Ho viser til det enorme forbruket i den vestlege verda, som gjer at vi allereie 1. august i år hadde «brukt opp» verdas ressursar for 2024.

Vi må bruke ting så lenge som mogleg og bruke ting om att, slår ho fast. Då meiner ho det er viktig med både medvit rundt og kunnskap om reparasjon og handverk.

Astrid Bjerke er prosjektleiar i Framtiden i våre hender. | Foto: Privat

– Treng praktisk erfaring

– Eg trur vi må litt vidare frå «vi må informere meir». Vi har alt veldig mykje informasjon, men vi når ikkje nok fram, seier ho.

Ho meiner ei haldningsendring blant forbrukarane krev meir enn ord som kjem ovanfrå. Bjerke meiner at folk treng meir praktisk erfaring generelt, meir kunnskap om korleis ting vert laga og varetekne. Slik kan ein verdsette høgare dei tinga ein har, og forstå at og korleis dei kan reparerast. Og dette, meiner ho, bør sjåast i samanheng med praktiske fag i skulen, som til dømes sløyd.

– Mange av oss vert glade i tinga våre. Eg synest sjølv det er trist å kaste noko eg er glad i, seier ho.

Også kunnskapen om korleis ein kan fikse ting sjølv, frå småelektronikk til ein sliten strikkegenser, saknar ho blant folket.

– Vi må sette av ressursar til å lære folk å sy i nye knappar, stoppe eit hol eller pusse eit par sko. Ein får ikkje betre forståing berre ved å snakke om det. Eg trur mykje av løysinga ligg i å forstå gjennom å bruke fleire sansar, erfare og meistre noko sjølv, seier ho.

Mykje god kunnskap

At skomakaren og andre handverkarar har ei viktig rolle i framtida, er ikkje Bjerke i tvil om.

– Det er kjempeviktig å ha fagfolk. Det er ikkje tilfeldig at det tar lang tid å få eit fagbrev. Det er mykje god kunnskap som ligg i praksis. Det er veldig stor skilnad på ein handverkar som kan faget, og ein som kan improvisere i faget, seier ho.

Men er det realistisk å vente at den jamne forbrukar skal passere H&M eller Zara, og heller bruke ein tusenlapp på å fikse eit tre år gammalt skopar?

Kanskje ikkje enno, seier Bjerke. Men ho håpar at vi beveger oss i den retninga.

– Vi må auke synlegheita og moglegheitene for reparasjon. Dei som jobbar med reparasjon, har gjerne ikkje mykje pengar til å reklamere for seg.

Ho slår fast at det ikkje finst nokon quick fix. Dei fleste av oss har gått i butikken og kjøpt klede vi ikkje trong, fordi dei var rimelege og kule. Også styresmaktene må legge betre til rette, meiner Bjerke. Akkurat som Dorthea Johansen trekker ho fram at ein bør fjerne moms på reparasjon.

Middels ambisjonar

Bjerke meiner òg at det er viktig å velje produkt av høg kvalitet om ein først skal kjøpe noko nytt.

– Men eg skjønar at det er freistande når ting er kjemperimelege. Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk vel å kjøpe det som er billig. Då kan det vere lurt å byrje med litt, og ikkje setje ambisjonsnivået så høgt. Å tore å seie «no vel eg nokre skikkeleg dyre sko, og eg veit at dei kan reparerast». Eg har sjølv eit par støvlettar som eg arva etter mora mi, som ho kjøpte i 1968! Men dei brukar eg jo berre til fint, seier ho.

Ho trekker også fram bunaden som eit godt eksempel: Ei drakt som kostar mykje, men som du har resten av livet.

– Det er noko med å sjå verdien i det òg, seier ho.