Mimmi Tamba har vore gjennom ein prosess som melaninrik skodespelar, og er open for at folk kan synast ho er eit interessant val som Elsa i Frost-musikalen.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg var veldig lite interessert i Barbie og Disney og sånne ting, men det trur eg også hadde med at det ikkje var  nokon av dei som likna noko særleg på meg, seier Mimmi Tamba (32), som i vinter spelar Elsa i Frost.

Ved sidan av ho sit Ina Svenningdal (27), som spelar systera Anna i same stykke.

Dei er begge i lobbyen til det Norske Teatret før dei skal gjere seg klar til endå ei framsyning av Frost for den kulturelle skulesekken. Det er første gong denne Disney-filmen blir sett opp som musikal i eit nordisk land, og Tamba og Svenningdal er ansvarlege for å bringe dei animerte figurane til live.

Tamba har mange roller under beltet før Elsa. I fjor spelte ho blant anna ei anna prinsesse i Sondheim-musikalen Into the woods, nemleg Askepott. Ho meiner Elsa på mange måtar er meir vaksen, sjølv om dei begge vil ut og oppleve livet.

– Det som er med Elsa er at ho har så mykje angst inni seg, så mykje kraft som berre må ut, som har vore artig å jobbe med.

Den krafta kjem ut både som magi, men også nokre kraftfulle vokalar.

Å gjere isdronninga til eit menneske

Det at Tamba ser annleis ut frå den animerte karakteren er noko ho sjølv ikkje tenkjer så mykje over når ho står på scena.

– Eg har vore gjennom ein prosess frå før i forhold til det at eg er ein melaninrik skodespelar. Eg har tenkt på at eg er annleis, men eg tenkjer ikkje på det når eg går inn i den rolla, fortel ho.

Ho føler at publikum heller kan bestemme seg for kva dei tenker om rollevalet.

– Dei kan tenke: «Oi, det var interessant – eller uinteressant». Eg prøver eigentleg å berre finne mennesket i den karakteren, og det trur eg er viktig. Eg er jo klar over det, men i prosessen tenkjer eg ikkje på det som noko som hindrar meg.

Det var likevel viktig for ho at karakteren Elsa framleis hadde si karakteristiske blonde flette, og ikkje endra hårfarge når isdronninga skulle gå frå ein magisk animasjon til eit faktisk menneske.

– Uansett er jo alle annleis enn Elsa fordi ho er ein Disney-karakter med rundt andlet og nesten inga nase, og det er jo ikkje eit menneske.

Mimmi Tamba i fullt Elsa-kostyme, medan ho syng om at "Det må ut." | Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Ei annleis Disney-prinsesse

Tamba såg ikkje den originale filmen då han kom ut for 10 år sidan. Det gjorde derimot medskodespelar Ina Svenningdal.

For henne er det veldig stas å spele Anna, ein barndomsdraum 5 år gamle Ina ikkje ville trudd på.

Blant dei to er det Svenningdal som er den store Disney-entusiasten.

– Eg kan sitte og sjå på Disney ein kva som helst dag i veka. Eg trur det er noko sånn deilig barnsleg ved det, og godt, for eg slepp å vere vaksen og følge med på masse greier.

Det gjer det ekstra artig å faktisk spele ei Disney-prinsesse

– Også ei som ikkje er så veldig Disney-prinsessete. Elsa føler eg er meir ei klassisk Disney-prinsesse, og Anna prøver også å vere det, men ho veit ikkje heilt kva det er.

Svenningdal har vore ved teatret i fleire år, og spelt forskjellige roller, men ingen er heilt som Anna.

Med ein gong Svenningdal får på seg parykken og kostymet kan ho verkeleg bli karakteren.

– Det ser jo framleis ut som meg, berre med raudt hår, flette og ein kjole. Og eg kjenner meg veldig igjen i hennar veremåte, litt sånn distré, veit ikkje heilt korleis ein skal plassere seg i visse situasjonar, men likevel roleg og vil forstå og snakke.

Ina Svenningdal som Anna og Mathias Augestad Ambjør som Olaf. Store kulissar blir til isfjell på scena. | Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Nordisk samarbeid

Denne versjonen av Frost er satt opp i samarbeid med andre nordiske teater. No som den norske versjonen har spelt i nokre månader kjem den islandske, svenske og etter kvart danske versjonen av stykket.

Det Norske Teatret fekk vere først ute, og for Svenningdal og Tamba, som er frå Grorud og Tromsø, har nynorsken ikkje vore eit problem.

– Det finst vanskelegare tekstar enn Frost omsett til nynorsk, seier Tamba.

– Det er mykje sånn: «Eg klarar ikkje, eg kan ikkje! Eg veit ikkje korleis, eg elskar deg!»

Dei har spelt mange titals framsyningar sidan premiera i oktober, og fleire skal det bli både før og etter jul.

– Det beste med det er å sjå dei barna som for første gang er på teater. Dei håpar eg går heim med ei fin oppleving og framleis trur at noko er magi, seier Svenningdal.

For Tamba er det klart kva ho håper både ungt og gammalt publikum får ut av framsyninga.

– At dei får lyst til å drive med litt magi i eigne liv og kanskje kaste seg litt ut i ting. Det er det Elsa handlar om for meg. At ho tørr å gå ut og vise kven ho er, som gjer at det blir lettare å leve.