Udir endra sidemålseksamen – positivt overraska

Tidlegare har elevar med bokmål som sidemål opplevd at det er flest tekstar på nynorsk til eksamen. I år kunne 10.-klassingar få sjå omsetjingar av tekstane til langsvarsoppgåva.

Åshild Slåen
Publisert

Diana Sylwia Jafra (16) var nøgd med sidemålseksamen. Foto: Privat

– Eg er jo ikkje den beste på bokmål når det kjem til skriving og sånn, men eg føler det gjekk ganske bra, betre enn då eg tok bokmålstentamen tidlegare i år.

Det seier Diana Sylwia Jafra (16) på telefon til Framtida torsdag. Då var ho nettopp ferdig med skriftleg eksamen i norsk sidemål på Sula ungdomsskule i Langevåg. Som nynorskelev, betyr det at ho hadde eksamen i bokmål.

Tidlegare har nynorskskular opplevd at sidemålseksamen er betre tilrettelagt majoriteten av elevar som har nynorsk som sidemål, fordi det har vore fleire tekstvedlegg på nynorsk.

Dette var endra i år. Til langsvarsoppgåva var det lagt ved to tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Det var også omsetjingar av originaltekstane til den motsette målforma.

– Eg synest det er ganske bra, for då får vi lese det på begge målformene, så kan vi skjønne meir av teksten.

Overvekt av nynorsk på sidemålseksamen

Slike omsetjingar har ikkje vore vanleg før.

Karen Skotheimsvik er lærar ved Sula ungdomsskule.

– Dei siste åra har vi merka at det er ei overvekt av tekstar som passar dei med nynorsk som sidemål.

Det seier Karen Skotheimsvik, norsklærar ved Sula ungdomsskule. Ho fortel at ein sensorkollega tidlegare har klaga over ubalansen i tekstane. Lærarane var veldig spente på korleis sidemålseksamen skulle bli utforma i år, og er glade for endringane.

– Dette er heilt nytt, eg har ikkje sett det før. Vi vart veldig positivt overraska, seier Skotheimsvik.

Ho er letta på vegner av elevane sine.

– No slepp dei å sjonglere to målformer.

Hyggjeleg med positive tilbakemeldingar

Per Kristian Larsen-Evjen er avdelingsdirektør i Udir.

– Det er hyggjeleg å høyre at sidemålseksamen får positive tilbakemeldingar, skriv Per Kristian Larsen-Evjen på e-post til Framtida.

Han er avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, og stadfestar at tekstvedlegga knytt til langsvarsoppgåva ligg føre på begge målformer i år.

– I utforminga av oppgåver og val av tekstar til eksamen er det mange omsyn som skal varetakast og vi må gjere ei heilskapleg vurdering av dei. Vi ønskjer å leggje til rette for at både elevar med nynorsk som sidemål og elevar med bokmål som sidemål får tekstar i skriftspråket dei skal skriva på så langt det lèt seg gjere.

– Har de fått tilbakemeldingar frå tidlegare år om at det har vore ein ubalanse i eksamensoppgåver?

– Vi får mange gode innspel frå lærarar om eksamen og vi har fått eit innspel frå ein lærar om dette temaet i år.

Gir like føresetnader

– Eg synest dette absolutt er ein fin ting. På denne måten får elevane dei same føresetnadene for å jobbe med lik tekst.

Det seier Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom, på telefon til Framtida. Målungdommen har ein eigen klageportal der studentar kan melde frå om dårleg tilrettelegging for målforma si. Han fortel at det ofte er i høgare utdanning ein ser dei verste tilfella.

Sebastian Vinsent Natvik (20) frå Alver skal leia Norsk Målungdom. | Foto: Maren Braut/Norsk Målungdom.

– Då er det fint at dei frå ein tidleg alder får eit godt eksempel på korleis eksamen kan gjennomførast på begge målformer. Dei yngre elevane er ikkje alltid like klar over rettane dei har når det kjem til skriftspråket.

Han synest også eksamensoppgåvene er ei god oppfølging av den nye opplæringslova frå 2021, der det vart slått fast at retten til å gå i ei eiga nynorskklasse også gjeld på ungdomsskulen.

Ferdig med skriftleg eksamen

Jafra er i alle fall letta over å vere ferdig med skriftlege eksamenar for no.

– Eg strevde litt med nokre oppgåver, men så fikk eg det til til slutt, fortel ho.

No er det berre munnlege eksamenar att, før ho satsar på frisørlina til hausten.