Endringar i opptakssystemet for høgare utdanning:

Vil skote kjønnspoeng og karakterkrav for sjukepleiarar

Om regjeringa får det som dei vil, skal ein ikkje lenger få eigne poeng for alder og kjønn når ein søkjer høgare utdanning, erfarer Khrono.

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug
Publisert

Når regjeringa fredag presenterer forslaget sitt til endringar i opptakssystemet for høgare utdanning, er det ikkje ein revolusjon slik det regjeringsoppnemnde opptaksutvalet foreslo i rapporten sin i 2022. Likevel vil endringane merkast.

Bransjeavisa Khrono erfarer onsdag at det dreier seg om tre viktige endringar.

Regjeringa vil fjerne moglegheita for å tene opp alderspoeng, erstatte kjønnspoenga med eigne kvotar og fjerne dei spesielle karakterkrava for sjukepleiarstudiet.

Ut med alders- og kjønnspoeng

I dag kan ein få inntil åtte poeng for å vere eldre enn 20 år når ein søkjer høgare utdanning, noko som kan utgjere ein stor forskjell. Regjeringa har tidlegare antyda at dei vil fjerne desse poenga for å få folk til å ta utdanning tidlegare i livet.

– Av alle typar tilleggspoeng, er det alderspoenga som mest direkte stimulerer til ein utsett studiestart. Dette står nok øvst på lista over det vi no ser veldig kritisk på, sa forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) til NRK i januar.

I tillegg kan kjønnspoenga vere på veg ut. I dag kan ein få ekstra poeng når ein søkjer visse studium der ein ønskjer å få opp andelen studentar av eit bestemt kjønn. Mellom anna får menn ekstra poeng ved fleire studium innan helsefag, medan kvinner får ekstra poeng ved fleire ingeniørstudium. Regjeringa foreslår ifølgje Khrono å erstatte desse med kvotar, ettersom kjønnspoenga ikkje har vore utjamnande nok i auga frå opptaksutvalet.

Ekstra sjukepleiarkrav kan forsvinne

Den mest kontroversielle endringa som bransjeavisa erfarer at vil skje, angår sjukepleiarutdanninga. Medan dei fleste utdanningar ikkje har nokon spesielle karakterkrav, er det krav om karakteren 3 frå vidaregåande i norsk og matte på sjukepleia. Opptaksutvalet foreslo å fjerne desse spesielle krava.

Studentleiar Daniel Tørresvoll Stabu i Norsk sjukepleiarforeining (NSF) reagerer på nyheita om at regjeringa truleg skrotar karakterkravet.

– Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel meiner tilsynelatande det ikkje er viktig med fagleg sterke sjukepleiarar, seier han til Sykepleien.

Han meiner regjeringa bidreg til å redusere statusen til yrket og utdanninga.

Endringane regjeringa foreslår vil ikkje tre i kraft før tidlegast opptaket for 2025–26.

Ville snu systemet på hovudet

Sjølv om regjeringa truleg legg opp til merkbare endringar i opptakssystemet, er det ei rekke forslag frå opptaksutvalet som ikkje blir med. Det Marianne Aasen-leidde utvalet foreslo meir eller mindre å snu opptaket til høgare utdanning på hovudet frå dagens system.

Dei ønskte mellom anna å fjerne moglegheita til å ta opp fag etter vidaregåande for å betre karakterane sine. I staden ønskte dei å få alle søkjarar til å konkurrere med karakterane frå første gong dei bestod faget.

For å bøte noko på dette, foreslo utvalet å etablere ein ny opptaksprøvekvote på 20 prosent av plassane. Dei resterande 80 prosent skulle vere ein rein karakterkvote der ein slo saman dagens kvotar for førstegongsvitnemål og ordinære vitnemål. Utvalet ønskte også å avvikle alle former for tilleggspoeng, med unntak for kjønnskvoter og moglegheit for eigne kvotar for samiske og nordnorske søkjarar.