Studentleiarmøte om nytt opptakssystem – vil påverke i lang tid framover

Neste vår kjem ei stortingsmelding om regjeringa sitt samla forslag for opptak til universitet og høgskular. Tysdag møtte utdanningsministeren studieleiarar frå heile landet for å snakke om temaet.

NPK-Peder Skjelten
Publisert

– Vi må rydde opp i eit komplisert og urettferdig system, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) frå talarstolen under Studentpolitisk toppmøte i Oslo, som vart arrangert for sjette året på rad.

Ho refererte til opptakssystemet som blir brukt i dag. Opptaksreglane bestemmer kva ein søkjar må kunne og kven som skal få studieplassen når det er fleire søkjarar enn plassar på studiet.

– Vi vil ha ein debatt om stortingsmeldinga våren 2024. Opptakssystemet er noko som kjem til å bli her i lang tid, og kjem til å få store konsekvensar, sa Borch.

Meir forståeleg, meir rettferdig

I desember i fjor la opptaksutvalet fram forslaga sine til eit nytt opptakssystem. Utvalet foreslår blant anna:

  • At dagens ordning med førstegongsvitnemålskvote og ordinær kvote blir erstatta med ein karakterkvote der alle konkurrerer med karakterane frå første gong faga blei bestått.
  • Ein karakterkvote på 80 prosent på plassane på studium der det er konkurranse om plassane. Dei resterande 20 prosent av plassane er foreslått å gå til ein ny opptaksprøvekvote, der søkjarar som ikkje har gode nok karakterar til å komme inn på studiet dei ønskjer kan konkurrere seg inn via resultat på ein sentral standardisert prøve.
  • Utvalet vil ta vekk moglegheita for å nytte forbetra karakterar ved opptak i ordinær kvote. Nye fag tekne etter fullført vidaregåande opplæring skal likevel kunne påverke karaktergjennomsnittet, men berre til studium som har faget eller faga som eit spesielt opptakskrav.
  • Utvalet foreslår at dagens ordning med spesielle kvotar for nord-norske søkjarar og søkjarar med samisk språkkompetanse blir vidareførte. I tillegg til desse foreslår utvalet spesielle kvotar for kjønn (og ikkje vidareføring av kjønnspoeng).
  • Spesielle kvotar skal berre nyttast der høgskular og universitet søkjer om det, og det skal vere ei maksgrense for kor stor forskjellen i poengsum kan vere mellom dei som kjem inn på ordinært grunnlag.

Målet er eit enklare system som skal vere meir forståeleg og rettferdig.

Store konsekvensar

Statsråden hadde invitert studentleiarar frå heile landet til Oslo tysdag 14. november. Dei skulle saman diskutere studentøkonomi og det komande opptakssystem til høgare utdanning.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Opptak blir ikkje behandla kvart tiår. Det er ei viktig reform som kjem til å påverke i lang tid framover.

Studentøkonomi

Og ein kjem ikkje unna å snakke om studentøkonomi på eit studentpolitisk toppmøte i Oslo.

I budsjettforslaget til regjeringa blei studiestøtta prisjustert med 3,8 prosent, som svarar til forventa auke i konsumprisindeksen (KPI). Om KPI-en endrar seg i løpet av året, kan òg studiestøtta det. NSO meiner derimot at auken ikkje gir studentane nok. Sæther spør i staden etter ei anna ordning.

– Vi vil at studiestøtta skal auke. Det beste hadde vore om studentstøtta blei auka automatisk kvart år i tråd med dei andre trygdeordningane. På den måten slepp vi òg å debattere det kvart år, sa Oline Sæther under toppmøtet.