Universitet og høgskular er klare for å snu opp ned på opptaksreglane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universiteta og høgskulane er gjennomgåande positive til Opptaksutvalet sine omfattande forslag til forenkling av opptakssystemet til høgare utdanning.

Utgreiinga frå Opptaksutvalet «Vegar inn – ny modell for opptak til universitet og høgskular» vart lagt fram 1. desember og har no vore ute på høyring.

Utdanningsmagasinet Khrono har lese høyringssvara til dei 21 statlege universiteta og høgskulane.

Alle seier at det trengst ei kraftig forenkling av opptaksreglane og er i hovudsak positive til dei mange forslaga frå utvalet.

Karakterar og opptaksprøve

Eit sentralt forslag er å dele opptaket i ein kvote der berre karakterar frå vidaregåande skule tel, og ein annan kvote som er basert på ei opptaksprøve. Dei foreslår også at det ikkje skal vere mogleg å forbetre karakterar frå vidaregåande skule.

Dei vil også ha bort tilleggspoenga, blant anna alderspoeng og kjønnspoeng, som dei vil erstatte med kjønnskvotar.

Spesielle karakterkrav, blant anna i matematikk og norsk på grunnskulelærar- og sjukepleiarutdanningane, er også foreslått fjerna.


Vil du vite meir om forslaget?

Forelesingssal med "Kort forklart"-logoen over.

Kollasj av Framtida. Illustrasjonsbilete frå Dom Fou via Unsplash