Dottera til Musk med tydeleg stikk i ny kampanje

Vivian Wilson er med i ein ny reklamekampanje som tek eit tydeleg standpunkt mot kunstig intelligens.

Åshild Slåen
Publisert

Klesmerket Desigual har lansert ein ny reklamekampanje med Vivian Wilson i spissen. Ho er det eldste av dei 14 barna til tek-giganten Elon Musk, men har ikkje hatt kontakt med han sidan ho kom ut som transkvinne i 2020.

Ho dukkar opp i reklamane for haust- og vinterkolleksjonen deira «Born to Disobey» saman med ein robot i forskjellige videoar. I ein av dei seier ho at «Han er designa til å lyde», men at ho ikkje er det, medan ho set i gang eit sprinkelsystem som øydelegg roboten.

@desigual

One button, one truth: the machine obeys; she never will. BORN TO DISOBEY, starring @vivllainous #DESIGUAL #BORNTODISOBEY

♬ sonido original – Desigual – Desigual

Wilson har tidlegare teke eit standpunkt mot faren, og fordømt han offentleg.

Sjølv om Elon Musk ikkje er nemnd med eitt ord, er kampanjen eit tydeleg stikk. Musk har spesielt fremja KI-en Grok, som er bygd av selskapet hans SpaceXAI, på nettstaden X.

Tek-giganten har tidlegare kritisert Wilson, og sagt at ho har ein «tragisk psykisk sjukdom utløyst av det vonde «woke mind virus».» Han nektar å omtale 22-åringen som kvinne og held fram å referere til ho som sonen sin.

På si side har Wilson sagt at Elon Musk er «eit patetisk mannebarn». «Kvifor skal eg vere redd for han? Åh, han har så mykje makt. Nei, nei, nei. Eg gir faen,» sa ho i eit intervju med Teen Vouge i fjor.

Wilson si interesse for mote er ikkje ny. Ho debuterte på moteveka i New York i 2025 med ein bodskap mot at rettane til transpersonar blir innsnevra i USA, og i år var ho modell for Gucci på moteveka i Milano.