Dette er kandidatane til Gullbarbie i år

Reklame i sosiale medium, kosttilskot og kjøpepress ligg bak dei kandidatane Press meiner er dei som er best til å få ungdom til å føle seg verst.

Åshild Slåen
Publisert

Kvart år deler Press – Redd Barna ungdom ut ein Gullbarbie. Prisen går til ein reklame- og medieaktør som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». I år er det Meta, Good For Me og Shein som er vinnarkandidatar. Måten selskapa brukar sosiale medium er sentralt for alle kandidatane.

– Samstundes som bodskapane barn og unge møter i kvardagen har blitt meir personlege og treffande enn nokon gong, rapporterer stadig fleire om psykiske helseplager, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Difor er dei nominerte:

 

Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

  • 2023: Ex On the Beach
  • 2022: Brandy Melville
  • 2021Sophie Elise AS
  • 2020Blogg.no
  • 2019: Victoria’s Secret
  • 2018: Bik Bok
  • 2017: Nettavisen
  • 2016: Dagbladet
  • 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
  • 2014: Russekledeprodusenten Russedress
  • 2013: Victoria’s Secret
  • 2012: Klesmerket Jack & Jones
  • 2011: Klesmerket Diesel
Foto: Brett Jordan via Unsplash
Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Foto: Shein / Pressebilde

Du kan stemme over kven som skal vinne på nettsidene til Gullbarbie, og vinnaren blir annonsert 29. februar.