Utdanningsdirektoratet føreslår store endringar i eksamensordninga

Utviklinga av kunstig intelligens (KI) gjer at Utdanningsdirektoratet føreslår fleire konkrete tiltak for våreksamen 2024 og større endringar i eksamensordninga for dei neste åra.

NPK-NTB
Publisert

– Dei aller fleste elevane prøver ikkje å jukse på eksamen. Vi kan likevel ikkje utelukke at enkelte elevar vil prøve å jukse ved hjelp av KI-verktøy. Av omsyn til det store fleirtalet som følgjer reglane, gjer vi konkrete tiltak for å sikre ein så god, trygg og rettferdig eksamen som mogleg, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

Direktoratet fryktar bruk av kunstig intelligens utan internett. Dei fortel at det ikkje lenger er tilstrekkeleg å sperre av internett under eksamen.

Direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet fortel at kunstig intelligens tvingar fram endringar i eksamensordninga. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Auka vakthald

Endringane som er foreslått for våreksamen i år, er auka vakthald og kontroll under eksamen. Utdanningsdirektoratet tilrår å auke vakthaldet i eksamenslokala og styrkje opplæringa av vaktene og at det blir stikkprøver tekne før og under eksamen og når svara skal sensurerast.

Direktoratet skriv i ei pressemelding at oppgåva til sensorane har vorte meir krevjande dei siste åra. Elevane blir vurderte etter meir omfattande kriterium enn før.

Større endringar frå 2025

I åra framover meiner direktoratet det er behov for større endringar, og det blir foreslått fleire tiltak. Mellom anna vil dei sjå på moglegheita for å fjerne eller endre hjelpemiddelordninga og førebuingsdelen til skriftleg eksamen.

Dei vil også sjå på moglegheita for skjermovervaking og sikkert eksamensnett.

– Eit anna mogleg tiltak er at elevane gjennomfører eksamen på ein PC som er eigd av skulen i staden for den personlege PC-en sin. Då blir moglegheita fjerna for å laste ned ikkje-tillatne program, skriv Utdanningsdirektoratet i pressemeldinga.

Tilrår gjennomgang av skriftleg eksamen

På endå lengre sikt kan det bli slutt på skriftleg eksamen. Direktoratet opplyser at dei tilrår ein større gjennomgang av skriftleg eksamen som vurderingsform.

– Det er fleire grunnar til å nå vurdere kva slags sluttvurdering vi skal ha i norsk skule i framtida. Den teknologiske utviklinga skaper nye utfordringar og gjer at endring er nødvendig. Dette er ein del av arbeidet til Kvalitetsutvalget, der rapporten no er ute på høyring, heiter det i pressemeldinga.