Ny handlingsplan mot rasisme: – Gode tiltak, men saknar finansiering

– Regjeringa viser at ein tek rasisme og diskriminering på alvor, meiner Lisa Esohel Knudsen i Minotenk. Likevel meiner ho den nye handlingsplanen til regjeringa kunne hatt endå meir slagkraft.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er noko som forpliktar, slår Lisa Esohel Knudsen fast.

Knudsen er nestleiar i Minotenk, og har skrive bøkene Det er personlig. Om rasisme og ytringsfrihet og Woke. Kulturkrig kansellering og identitetspolitikk.

Regjeringa kom førre veke med ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Planen inneheld 50 tiltak som skal motvirke rasisme og diskriminering. Tiltaka i planen er særleg retta mot arbeidsliv, ungdom og lokalt arbeid.

– Når rasisme og diskriminering får råde, blir levekåra dårlegare og jobbmoglegheitene færre, helsa vert svekt, og utbytet av skulegang vert dårlegare. Rasisme og diskriminering svekker demokratiet ved at færre røyster vert høyrde og færre perspektiv kjem fram. I ytste konsekvens kan rasisme og hat ta liv, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna i ei pressemelding.

Den førre handlingsplanen på dette feltet kom i 2019. Heile regjeringa står bak den nye planen, og ni departement er involverte.

– Dette er eit signal om at regjeringa tek rasisme og diskriminering på alvor og seier at det er eit samfunnsproblem i Noreg. Det er ei klar forbetring samanlikna med den førre planen, seier Knudsen.

Skule, helse og bustad

Knudsen meiner det er bra at planen spesielt tek opp rasisme og diskriminering mot ungdom. Ho slår fast at minoritetsungdom ofte er i ein sårbar situasjon, og at det kan vere krevjande for dei å verte høyrde og tekne på alvor. I ungdomstida skal ein utvikle både sjølvtillit og sjølvbilete.

– Dei tidlege åra er utruleg viktige, og forsking viser at oppleving av rasisme kan sette veldig sterke spor, som kan vere med ein heile livet, seier ho.

Nokre av tiltaka som rettar seg mot ungdom er:

  • Meir kunnskap om rasisme og diskriminering i utdanningsløpet.
  • Mangfaldsrådgivarar som skal rettleie elevar som er utsette for rasisme og diskriminering.
  • Kunnskap om rasisme og diskriminering i helsestasjons- og skulehelsetenesta.
  • Mangfaldsperspektiv i det rusførebyggande arbeidet.
  • Tiltak mot diskriminering på leigemarknaden.
  • Auke antal samiske vegvisarar.
  • Kartlegge rasisme og diskriminering i frivillig sektor og kulturliv.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) i eit møte med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt ungdomspanel.

Også kunnskaps- og inkluderingsminister Tonje Brenna slår fast tydinga av at nokon høyrer på deg når du opplever rasisme.

– Regjeringa vil at born og unge som blir utsette for rasisme og diskriminering, veit kor dei kan få hjelp, og at dei har fleire stader å gå, seier ho.

Diskriminering i bankar

Knudsen slår fast at alle tiltaka i planen er viktige – så lenge dei har ressursar i ryggen til å bli gjennomførte på ein god måte. Ho har særleg lagt merke til eitt punkt på lista:

Kartlegge omfanget av direkte og indirekte diskriminering i utlånspraksisen til bankane.

Lisa Esohel Knudsen. Foto: Ellen Reiss/Res Publica

– Dette er noko vi og andre har peikt på som ei mogleg drivkraft bak økonomisk ulikskap mellom minoritets- og majoritetsbefolkinga. Ein har høyrt frå mange at ein opplever diskriminering når ein ber om bustadlån. Det er fint å sjå at frivillige organisasjonar har komme gjennom med ein problemstilling som opplevest ganske reell, seier ho.

I tillegg til frivillige organisasjonar har KS, partane i arbeidslivet, forskarar, Sametinget, relevante styresmakter og einskildpersonar kome med innspel til planen. Det har vore innspelsmøte i fleire byar i heile Noreg.

Etterlyser pengar

Med sine 50 tiltak er handlingsplanen full av gode intensjonar. Knudsen saknar likevel fleire øyremerka midlar som kan finansiere tiltaka. Planen peiker på problemstillingar, men om det ikkje følger med pengar, blir tiltak fort nedprioriterte eller vanskeleg å gjennomføre.

Eitt tiltak i planen er å auke talet samiske veivisarar, som jobbar for å auke kunnskapen om samar og samiske tilhøve blant unge i Noreg, mellom anna gjennom skulebesøk. Dette tiltaket har fått ein auke i statsbudsjettet for 2024 på to millionar kroner.

På den andre sida slår handlingsplanen fast at mangfaldsrådgivarar på vidaregåande skular i alle fylke i Noreg skal hjelpe born og unge som er utsette for rasisme og diskriminering. Men her har ikkje regjeringa sett av meir pengar til kompetanseheving eller fleire tilsettingar.

– Dette er eit konkret tiltak som vi veit fungerer godt og er viktig, men ein kunne ha sett inn fleire ressursar i potten, seier Knudsen.

Ho meiner også at planen i nokre tilfelle gøymer seg bak mangel på kunnskap. Ho viser til at det finst mykje bra internasjonal forsking som ein kan lene seg på viss ein ikkje har konkret kunnskap om norske tilhøve, og etterlyser heller slagkraftige tiltak enn meir forsking.

Fokus på politiet

Planen inneheld også fleire tiltak som rettar seg mot politiets omgang med ungdom. Mellom anna skal kvitteringsordninga i Oslo – som skal motvirke raseprofilering – følgast opp og evaluerast. Alle politidistrikt skal ha opplæring i konseptet Rettferdig politi, som legg vekt på dialogen politiet har med etniske og religiøse minoritetar.

– Vi meiner dette er eit veldig viktig felt. Det er gode krefter innad i politiet som har god mangfaldskompetanse, men det er ikkje nok personar, og dei har for lite tid til å kurse andre. Det at politiet har kompetanse til å møte menneske i ulike situasjonar på ein god måte, er utruleg viktig for tilliten befolkinga har til politiet, seier Knudsen.

Ho gler seg også over at det skal arrangerast ein årleg nasjonal konferanse om rasisme og diskriminering.

– Eg håpar det kan hjelpe med å halde trykket oppe, seier ho.


Melaninrike menneske som knelar med knytt hand

Illustrasjonsfoto: Clay Banks/Unsplash.com