Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven får koma til orde i den offentlege debatten? Deltek me på dei same premissane?

I boka Det er personlig tek Lisa Esohel Knudsen eit kraftig oppgjer med spelereglane for det offentlege ordskiftet, særleg debatten om rasisme. Ho skriv om korleis den antirasistiske rørsla har blitt marginalisert og ikkje tatt alvorleg.

Sterkt engasjement

Boka ber preg av eit sterkt engasjement, det er som ho skrik at dette er viktig. Me må skapa ei endring i korleis me handterer og snakkar om rasisme.

«For meg og mange andre som har erfaringer med rasisme går dette for sent. Debatten om rasismedebatten handler – kanskje dypest sett – om hva slags samfunn vi vil ha. Når det som står på spill, angår mange mennesker på et eksistensielt plan, kan ikke endringen gå raskt nok.» 

Det er personlig kan læra lesaren mykje:

Omslag: Res Publica

Me må lytta til kvarandre sine erfaringar – særleg når dei er motstridande med vårt eige syn på røynda. Majoriteten er skjerma frå rasisme, og det kan vera lett å tenkja at dette angår ikkje ein sjølv. Men rasisme angår oss alle!

Kampen mot rasisme inneber at mange av oss tek eit ubehageleg oppgjer med oss sjølve. Å ta innover seg at eigne fordommar og handlemåtar kan vera eit problem for andre er vanskeleg og vondt. Men verda ser kanskje heilt annleis ut frå nokon andre sitt perspektiv?

Redsle for polarisering kan ikkje vera styrande for debatten. Polarisering kan sjølvsagt vera eit onde, men me kan ikkje nekta nokon å ta til orde mot rasisme fordi andre kan føla seg kritisert. Å be folk teia fordi ytringane deira kanskje kan skapa splid er ein sleip hersketeknikk. 

Ytringsfridom

Sjølv om Knudsen har fleire gode poeng og breie perspektiv så er det fleire ting i tankerekkjene til Knudsen som eg stussar på.

Mest utfordrande var det å lesa Knudsen sine tankar om ytringsfridom. Ho er tydeleg på ytringsfridomen har sine ulemper og skisserer moglege alternativ for å bøte på nokre av dei. Kanskje burde me vore flinkare til å sosialt sanksjonera skadlege – til dømes rasistiske – ytringar?

Kampen mot rasisme inneber at mange av oss tek eit ubehageleg oppgjer med oss sjølve.

Det finst nemleg eit hav av ytringar som er innanfor den juridiske ramma for ytringsfridom, men som me ikkje bør – sosialt – akseptera, til dømes fordi dei reproduserer rasisme og fordommar.

Mi innvending mot å sosialt sanksjonera ytringar er: greier me å skilja mellom ytringar me ikkje skal tola og ytringar me berre ikkje likar? Og er det ikkje også ein fare for at den antirasistiske kampen sjølv kan bli ramma av ei sånn sanksjonering?

Vidare skriv Knudsen mellom anna: «Vi kan nemlig ikke fjerne spørsmålene som ytringsfrihet fra den samfunnsmessige konteksten, hvor prinsipielt tenkende vi enn skulle ønske å være».

Men bør ikkje nett problematiske ytringar møtast med prinispiell tenking og gode motargument? Eller sagt med Michelle Obama sitt berømte sitat: When they go low, we go high. 

Gjer lesaren klokare

Boka skjemmest òg av at ho er uklar og ufokusert. Eg saknar til dømes ein tydeleg definisjon på kva identitetspolitikk er.

Og fleire gongar konstruerer Knudsen sine eigne motstandarar for å forklara, ho kan til dømes skriva at ting i retning av at «premissleverandørene» meiner ditt eller datt. Eg trur argumenta til Knudsen hadde stått sterkare viss dei blei møtt av reelle døme.

Det er personlig er ei bok som set i gang tankane. Etter å ha lese boka sit eg ikkje igjen med det eg opplever som eintydige sanningar, forfattaren har ikkje overtydd meg med alle argumenta og idéane sine. Men eg blir utfordra og tek innover meg nye perspektiv. Eg trur bøker som dette gjer lesaren klokare.

Framfor alt viser boka at det å leva i eit mangfaldig samfunn ikkje alltid er lett. Men det må me uansett få til – og då er bøker som Det er personlig særs velkomne.


Sigrid Tviberg og Piniel Demisse meiner det er på tide med ei avkolonisering av akademia. Foto: privat, Benjamin A. Ward/OsloMet, Bente Kjøllesdal/Framtida.no kollasj Framtida.no

Det er personlig

Forfattar: Lisa Esohel Knudsen

Forlag: Res Publica

Utgitt: Januar 2021

Sjanger: Sakprosa