«Fleirkulturell», «innvandrar», eller «melaninrik» – korleis snakka om rasisme når språket er så vanskeleg?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 14.04.2023 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Theresa Elise Nøsen Opoku er ein av initiativtakarane bak Afryea. Foto: Privat

– «Rase» er eg ikkje særleg fan av. Eg meiner det blir meir polariserande enn å snakka om etnisk bakgrunn. 

Det seier Theresa Elise Nøsen Opoku i Afryea Collective, eit kreativt fellesskap for kvinner og kjønnsminoritetar som engasjerer seg i rasismedebatten.

Ho peikar på at folk kan ha ulike assosiasjonar til ulike ord, men meiner at det viktigaste er at folk anerkjenner rasisme som eit problem.

Utbreidd rasisme

Det er brei semje om at oppdelinga av menneskeslekta i ulike «rasar» ikkje gir biologisk meining, og er uvitskapleg. Samstundes er det svært få nordmenn som kallar seg rasistar. 

Men norske rasismeforskarar er også samstemde om at rasisme er utbreidd i Noreg, og utgjer eit vesentleg samfunnsproblem. 

Korleis kan det ha seg, når rasismens biologiske grunnlag er vitskapleg avvist? 

Arnfinn H. Midtbøen, migrasjonsforskar og sosiologiprofessor ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

– Det folk trur er verkeleg, det får verkelege konsekvensar, fortel sosiologiprofessor ved UiO, Arnfinn Midtbøen, til Framtida.no. 

Det er eit sentralt poeng i sosiologifaget. Ein bank kan til dømes gå konkurs utan å ha hatt økonomiske problem. Alt som skal til er at kundane deira trur at banken er i uføre, og derfor kollektivt går for å ta ut pengane sine. Eit i utgangspunktet usant rykte om økonomiske problem i banken blir sant idet folk trur på ryktet. Det er dette som kallast ein sjølvoppfyllande spådom.

Når det gjeld rasisme har vi å gjera med eit liknande tilfelle: Det at folk assosierer svart hudfarge med negative eigenskapar, gjer desse oppfatningane sanne. Når amerikanske politifolk fordomsfullt sjekkar langt fleire mørkhuda enn kvite på gata, fører det til at langt fleire svarte enn kvite amerikanarar blir fengsla.

Fordommen blir sjølvoppfyllande. 

Korleis skal vi så snakka om rasisme på ein måte som speglar dette?

«Innvandrar» ofte misvisande

Etter nazistane si kategorisering av folkegrupper i ulike «rasar», forsvann raseomgrepet frå bruk i Noreg. Medan USA og Storbritannia heldt fram med å bruka omgrepet i ein meir sosial forstand, gjekk nordmenn over til omgrep som «etnisitet», «minoritet» og «innvandrar». 

I seinare tid kom «melaninrik» og «rasialisert» på toppen av dette. I denne omgrepsfloraen er det fort gjort å tråkka feil. 

Hatem Ben Mansour er dagleg leiar i Antirasistisk Senter. Særleg eit par av omgrepa over er problematiske, fortel han til Framtida.no:

– «Innvandrar» blir merkeleg, for det viser berre til det faktum at nokon er innvandra. Og det blir typisk brukt om innvandrarar med mørk hud, ikkje det store fleirtalet som kjem frå Polen og Sverige.

Leiar i Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

– Dessutan blir det misvisande å bruka «innvandrar» når folk har budd her lenge, og kanskje også er etterkommarar av innvandrarar. Etterkommarar er frå Noreg og er norske.  

Kritiske til «etnisitet»

Eit anna omgrep som ofte blir brukt er «etnisitet», eit noko ullent omgrep som folk legg ganske ulikt innhald i. Dette tok gradvis over for «rase» etter krigen. Ei etnisk gruppe kan vera vel så mykje resultat av at andre definerer dei som ei eiga folkegruppe, som at dei sjølv har så mykje til felles. 

Også dette omgrepet er Ben Mansour kritisk til. Det er til dømes lite treffande å snakka om «etnisk pakistansk» i omtalen av norsk-pakistanarar, meiner han:

– Etnisitet viser til ei gruppe med felles kultur. Men norsk-pakistanarar har i liten grad felles kultur med pakistanarar som bur i Pakistan. Har ein gått på norsk skule, stått på ski og skøyter og feira 17. mai, så er hovudkulturen din gjerne norsk. 

Sosiologiprofessor ved Universitetet i Oslo, Mette Andersson, gav nyleg ut ei innføringsbok om rasisme der ho diskuterer desse spørsmåla. Over telefon til Framtida.no gir ho uttrykk for at det kan vera problematisk å snakka om «etnisitet»: 

– Det er aukande kritikk til bruken av etnisitetsomgrepet. Studiar viser at dei med mørkast hud opplever mest diskriminering, men det har lite å gjera med etnisitet. Også når ein snakkar om «etnisk norske» kan det vera problematisk, for her fell adopterte norske gjerne utanfor.

«Kulturelt overlegne» nordmenn

I boka Rasisme: En innføring diskuterer Andersson fordelar og ulemper ved å ta i bruk «rase»-omgrepet også i Noreg. På eine sida kan det gjera det enklare å sjå at rasetenkinga framleis lever i beste velgåande, og at rasismen skjer på bakgrunn av ytre kjenneteikn som hudfarge og hårtype. Likevel artar rasismen seg litt annleis i dag: Svart hudfarge blir assosiert med ein viss kultur, og det er denne kulturen som blir betrakta som lågareståande. 

Noreg er faktisk det landet i Europa med størst tru på at vår kultur er overlegen andre kulturar. Og slik «kulturalisme» eller «kulturell rasisme» er vanskeleg å skilje frå tradisjonell rasisme, ifølgje Christopher Bratt, førsteamanuensis i psykologi ved Høgskolen i Innlandet, som stod bak undersøkinga. 

Men tilbake til «rase»: Sjølv om dette omgrepet kan gjera det enklare å få auge på kvifor rasisme oppstår, nemner Andersson fleire grunnar til å vera skeptisk:

– Å ta i bruk raseomgrepet kan reprodusera idear om biologisk rase. I Noreg ser vi også at mange antirasistar er kritiske, og meiner det blir kunstig å bruka dette på norsk. 

Person med antirasistisk plakat

Illustrasjonsfoto: James Eades/Unsplash.com

– Vi treng eit omgrep

Ben Mansour i Antirasistisk Senter meiner likevel Noreg kan læra av rasismediskusjonen i Sverige og Frankrike, der det er mindre motvilje mot å snakka om rase. 

– Det er veldig vanskeleg å skildra kva rasisme er utan å bruka raseomgrepet, seier han. 

Ben Mansour understrekar at ein ved bruk av raseomgrepet i skule og akademia kan gjera det tydeleg at raseomgrepet er sosialt konstruert, og ikkje biologisk forankra. Derimot trur han det kan vera vanskelegare å ha kontroll på korleis omgrepet blir forstått i andre samanhengar.

Midtbøen fortel at forskarar treng eit omgrep, men er uroa over at omgrep brukt i akademia får eit eige liv i offentlegheita:

– Dette er vrient, for vi treng eit omgrep for å seia noko om betydinga av synleg forskjell. Då kan eit omgrep som «rase» vera nyttig. Samstundes veit vi lite om konsekvensane av å ta i bruk eit slikt omgrep. Raseomgrepet kan bli forstått ganske annleis i ei breiare offentlegheit. 

Mest uroa over berøringsangst

Theresa Elise Nøsen Opoku i Afryea Collective meiner det viktigaste er at folk anerkjenner rasisme som eit problem.

Snarare enn å bekymra seg over om ein har tatt i bruk rett omgrep, trur Theresa Elise Nøsen Opoku i Afryea Collectivehu problemet vel så mykje dreier seg om at folk unnlét å ta diskusjonen.

– Berøringsangst er det skumlaste her. At ein lar vera å stille spørsmål eller engasjera seg fordi ein er redd for å trå feil. Anerkjenner ein at rasisme er eit problem, så er det ikkje så farleg. Så lenge ein er villig til å lytta, og er open for at ein kanskje må endra ord i visse situasjonar. 

Afryea held såkalla KanKo-møter, som er debattar og interaktive samtalar. Mottoet deira er «Strengthen Identity, Celebrate Diversity and Build Community». Foto: Privat

Nøsen Opoku fortel at merkelappar som «fleirkulturell» og «minoritetsbakgrunn» for ho er heilt uproblematiske, og også kan vera positive: 

– «Fleirkulturell» og «minoritetsbakgrunn» synest eg er heilt uproblematisk, for mange høyrer til fleire kulturar. For meg som har far frå Ghana, betyr det meir at eg høyrer til fleire kulturar enn at eg er brun i huda. Det er ikkje hudfargen som påverkar korleis eg lever – det er kulturen. Hudfarge skulle vore uvesentleg. 

Samstundes påpeikar ho at hudfarge blir gjort til eit viktig kjenneteikn, og påverkar korleis ho og andre blir møtt i samfunnet. 

– Når ein snakkar om dei strukturelle problema med rasisme, så må ein finne måtar å kategorisera dei som blir råka og undertrykt. Men generelt er det eit problem at ein kategoriserer folk på den måten. 

Frå ein borgarrettsmarsj i Washingtn DC, 1963. Foto: Warren K. Leffler/Library of Congress/Unsplash.com

«Melaninrik»

Dei seinaste åra har også ordet «melaninrik» fått mykje merksemd. Det var Thomas Talawa Prestø som føreslo ordet for bruk i norsk samanheng, med mål om å lansera ein meir positiv merkelapp for folk med mørkare hudfarge. 

– «Melaninrik» har eg litt ambivalent forhold til, men det er definitivt av dei betre alternativa når ein skal omtala nokon. Men aller helst skulle eg jo ønskja at folk ikkje omtala andre med utgangspunkt i etnisitet eller hudfarge, seier Nøsen Opoku.

Ben Mansour i Antirasistisk Senter fortel at dei bruker ordet mest internt:

– Det skulle vera ein meir myndiggjerande måte å seia mørkare hudfarge på. «Mørk» og «svart» har jo ofte hatt negative assosiasjonar knytt til seg. I Antirasistisk Senter bruker vi «melaninrik» i somme samanhengar, men mest internt. Vi bruker også «mørk» og «svart»: Det er ikkje noko gale med desse orda slik vi ser det. Alle har ein hudfarge. 

«Afrikansk» eller «somalisk»?

Det er altså heilt i orden å skildra folk basert på hudfargen deira, ifølgje Ben Mansour. Men det kjem an på om det er relevant for det ein snakkar om. Somme gonger er andre trekk meir relevante, fortel han:

– Dette er situasjonsavhengig: Er det hudfarge ein meiner, eller er «afrikansk» meir treffande? Skal ein skildra ein person reint visuelt, vil det ofte vera vel så naturleg å seia «afrikansk» som «mørk». Og jo snevrare kategoriar ein tar i bruk, desto meir treffande er det gjerne. I Oslo ser folk forskjell på somaliar og gambiar, mens ein på mindre stader kanskje ikkje gjer det.

Ben Mansour bruker også «fleirkulturell» der det passar seg, for eksempel for artistar som legg vekt på både sin norske og utanlandske identitet. «Synleg minoritet» er eit anna omgrep som er så nøytralt at ingen støytast av det, seier han. 

– «Minoritet» kan også passa, men det kan jo vera så mangt. Det er ikkje særleg detaljert med mindre ein koplar på til dømes «afrikansk minoritet». Jamt over bør ein vera så presis som råd, og då har ein ikkje behov for dei orda folk opplever som skjellsord. 


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Demonstrasjonen «We can’t breathe – rettferdighet for George Floyd» vart arrangert framfor Stortinget i Oslo, i juni 2020. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB