Samfunnsdebattant Lisa Esohel Knudsen (26) trur ikkje unge er meir krenkte no enn før.

Åshild Slåen
Publisert

– Identitetspolitikk, kansellering og det som ein ofte legg i «woke» er mykje meir nyansert enn det ein kanskje skulle tru, slik som det blir snakka om i dag.

Det er noko av det Lisa Esohel Knudsen (26) håpar folk får ut av den nye boka hennar.

Framtida.no møter forfattaren og nestleiaren av Minotenk på Deichman hovudbibliotek i Bjørvika, nokre dagar før Woke. Kulturkrig kansellering og identitetspolitikk blir sleppt i butikkane.

Boka er lita, nærmare ein pamflett, og tek for seg bakgrunnen til ordet «woke», korleis det har blitt nytta i seinare tid, både i USA og Noreg, og dei tilhøyrande nyorda som ofte dukkar opp i dei same debattane.

Særleg ei hending inspirerte Knudsen til å dykke ned i ordet.

Årvaken frå Amerika til Noreg

På starten av året blussa det opp ein debatt om Christian Krogh-måleriet Leiv Eiriksson oppdager Amerika, då det viste seg at det kom til å ligge i magasinet og ikkje henge oppe til utstilling på Nasjonalmuseet.

Bokomslag med tekst. Forfattar: Lisa Esohel Knudsen. Tittel: Woke. Undertittel: Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk.
Bokomslag: Res Publica

Ein avdelingsdirektør på museet forklarte til Aftenposten at dei kom til å løfte fram fleire kvinnelege, samiske og ikkje-kvite kunstnarar. I samband med dette nemnde ho at Krogh-måleriet ville vere i magasinet, ikkje utstilt, og at det var kolonialistisk.

– Det skapte jo veldig debatt, seier Knudsen.

Måleriet «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» av Christian Krogh hamna i starten av 2023 midt i ein debatt om kva Nasjonalmuseet bør vise fram.

Ho meiner hendinga forsterka biletet av at «woke» verkeleg hadde kome til den norske offentlegheita, og dette vart starten på bokprosjektet.

– Å undersøke kvar omgrepet eigentleg kjem frå, kva er det som kan ligge bak motstanden mot «woke», det synest eg er veldig interessant. Det handlar om historie, det handlar om sjølvbilete og korleis ein snakkar om ulike grupper i samfunnet. Det er mykje kjensler involvert, ikkje minst dette med ytringsfridom og kansellering, så det er veldig mange betente og viktige tema som kjem opp.

Så kva er eigentleg «woke»?

Ifølgje Knudsen si bok starta det på 30-talet som ei intern oppfordring til svarte amerikanarar om å «Stay woke!», altså vere årvakne til den rasediskrimineringa som var utbreidd, spesielt i sørstatane i USA. Seinare har det blitt brukt i forskjellige samanhengar, men i dag er det ikkje ei semje om tydinga.

– Det er på ein måte to hovuddefinisjonar: den eine fokuserer på kansellering og kanselleringskultur, og så fokuserer den andre på det å vere årvaken og det å vere oppteken av sosial urettferd.

Den første definisjonen er klart meir negativ enn den andre, og ho meiner skiljet ofte plasserer seg på ein politisk akse, med ytre høgre mot venstre.

– Er du woke?

– Eg har alltid vore veldig oppteken av urettferd som kjem av at du blir dømt for noko du ikkje kan noko for, som kjønn, hudfarge eller seksuell orientering. Sånn sett vil eg seie eg er det.

Samstundes er ho fullstendig klar over bagasjen ordet kjem med.

– Du kan ikkje starte ein diskusjon i dag med: «Eg er woke». Då er det folk som vil tenke at du er for stempling av meiningsmotstandarar, du er for boikott, og alle desse dårlege tinga, seier ho.

Knudsen er likevel ikkje med på at desse verkemidla utelukkande er ein dårleg ting, eller at det er verkemiddel berre folk som er «woke» på venstresida nyttar seg av.

Realiteten er jo den at vi alle har nokre grenser og på eit eller anna tidspunkt er vi alle tilhengarar av det å boikotte eller å ikkje gi nokon ein mikrofon, eller til og med stemple nokon som ein fascist eller nazist.

Politisk korrektheit

I boka si samanliknar Knudsen omgrepet «woke» med «politisk korrektheit», som ho meiner nærmast har blitt erstatta når vi pratar om slike tema i samfunnsdebatten. Ho synest ikkje debatten har blitt meir presis av å importere nye omgrep når det allereie eksisterer ord for å skildre fenomenet på norsk.

– Viss ein meiner at overfølsamheit, oversensitivitet og politisk korrektheit er eit stort problem i Noreg, så kan ein jo berre bruke dei orda.

Ho meiner «politisk korrekt» har fordelen av å ikkje vere like tyngd med eksisterande politiske debattar som ordet «woke».

– Det får det til å høyrast ut som om dette er noko heilt nytt. Dersom vi meiner at krenkehysteri er noko viktig å snakke om, så kan ein jo berre bruke krenkehysteri, påpeiker ho.

Knudsen trur nemleg det har større konsekvensar å henge seg på «woke» som merkelapp.

– Ein importerer eit sett med posisjonar og argument som verkeleg er politisk krut i land som USA, Storbitannia, Ungarn, Polen … Du har toppolitikarar og statsleiarar som har gjort kampen mot «woke» til sine prioriteringar. Då har det blitt så mykje større enn eit ord.

Konstruerte konfliktar

Nokre gonger meiner ho likevel det ikkje er den eine eller andre sida som har skulda for usemjene rundt kva som blir «kansellert», og kva som er viktig å diskutere.

For nokre veker sidan var det ein kortlevd debatt rundt radioprogrammet «Jungeltelegrafen» på NRK P2, som no er døypt om til «Musikkreisen». Namnebytet skulle tydeleggjere kva programmet handla om, men programleiaren nemnde også i eit intervju med Klassekampen at dei hadde teke omsyn til at «Jungeltelegrafen» kan oppfattast som stigmatiserande.

Då byrja journalistar å ringe rundt, blant anna til Knudsen i Minotenk, for å sjekke om nokon faktisk var krenka av namnet. Ho kjenner ingen som arbeider med antirasisme som har reagert.

– Ein har skapt eit bilete av at minoritetar og unge er veldig mykje meir oversensitive, krenkbare og «woke», og det meiner eg er veldig mediestyrt. Eg trur ikkje unge er meir krenka no enn før.

Ho meiner media ofte fokuserer på symbol- og kultursaker, saker ho tenkjer på som mindre viktige. Ho løftar debatten i tida etter «Black lives matter»-demonstrasjonane i mai og juni i 2020.

– Då også fekk eg telefonar frå journalistar som ville at eg skulle snakke om statuar eller andre symbolske ting, men få av oss som var engasjerte i det å snakke om rasisme brydde oss så mykje om statue-debatten. Vi ville snakke om korleis norsk rasisme kan sjå ut.

Ho viser til debatten rundt statuar av Ludvig Holberg, Winston Churchill og minnebenken til Carl von Linné.

– På slutten av året var det statue-debatten og benk-debatten som vart framheva av media, og då er det med på å skape eit bilete av at antirasistar blir krenka av statuar, og det er det dei bryr seg om.

Med den nye boka håpar ho å vise at det ikkje nødvendigvis er bra rakke ned på det å vere «woke», eller årvaken, som ho sjølv likar å bruke.

Det er skumle tider vi lever no, og det å vere oppteken av korleis ting som makt og rasisme fungerer, det er viktig. Visst den årvakenheita får eit dårleg rykte, slik «woke» har fått, trur eg ikkje vi tener på det som samfunn.