Ungdom og arbeid prioritert i ny handlingsplan

Ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering frå regjeringa vil prioritere ungdom og arbeidsliv.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

— Når rasisme og diskriminering får råde, blir levekåra dårlegare, sjansane for jobb færre, helsa svakare og skulegangen mangelfull. I ytterste konsekvens kan rasisme og hat ta liv, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Den nye handlingsplanen mot rasisme og diskriminering er heile regjerigna sin handlingsplan, står det på regjeringa sine nettsider.

I dei 50 tiltaka blir det satsa mest på arbeidslivet, stader der ungdommar er, og på lokal innsats.

Nokre døme på tiltak frå den nye handlingsplanen er kampanjar mot diskriminering retta mot arbeidsgivar, mangfaldsrådgjevarar på skular og tilskot og rettleiing om kommunalt arbeid mot rasisme og diskriminering.